Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

måndag 23. januar 2017

Rekkverket som produserer straum

Rekkverket som produserer straum

Per Kristian Kile og Jon Arne Ask. (Foto: Privat)

Det er ikkje lenge sidan dei lanserte vekkjarklokke-appen. No er ikkje det ein app dei skal lansere, men eit rekkverk som produserer straum. Og allereie til våren 2017 kan du sikre deg eit.

Skrevet av:

Det er ikkje kven som helst som kan sette seg ned å tenkje «Hei, vi tek å utviklar eit rekkverk som produserer straum» og vite at dei kan klare å lage det også. Men det kan voldingen Per Kristian Kile (31) og ulsteinvikaren Jon Arne Ask. Det står ikkje på kreativiteten og skaparevnene hjå kompisane. For før i år lanserte dei nemleg ein vekkjarklokkeapp, og det stoppar ikkje der. Dei har nemleg mange jarn i elden.

Fritid
Per Kristian og Jon Arne har lang erfaring innan utvikling og leiing. Dei vart kjent med kvarandre då dei jobba i same selskap, Ulstein Power & Control, for om lag sju år sidan.
- Vi har ei evne til å pushe og støtte kvarandre for å nå eit felles mål, fortel Per Kristian som i dag er avdelingsleiar for industri og telekommunikasjon i Tussa med tilhald i Ulsteinvik. Jon Arne er produktsjef i Ulstein Power & Control.
Utviklingane dei jobbar med er altså på si, noko dei brukar fritida si på.

Må treffe marknaden
- I 2015 då oljekrisa var eit faktum og vi såg arbeidsplassar starte å forsvinne, utfordra vi oss sjølve i å finne fram det vi er vide kjent for på denne kanten av landet: «Grundermentalitet». For å skape eit nytt produkt som treff marknaden, må ein ha ei heilt klar meining om kva retning verda går i. Ein må gripe fatt i produkt der ein anten kan gjere ting enklare, spare tid eller pengar, og ein må tenkje heilt nytt. Etter tre månadar og mange kveldar med diskusjonar og skisser, sat vi att med ei liste med idear til 14 produkt. Og med dei midlane vi hadde tilgjengeleg laga vi ein kortsiktig og ein langsiktig plan før vi sette systematisk til verks for at produkta skulle få sjå dagens lys, fortel Kile.

Første produkt ut
Det første produktet karane laga var ein applikasjon for lydkansellering. Dette ved å programmere ei logaritme der dei brukar mobiltelefonen og headsettet som er med, til å lage ein Software variant av støyreduksjonen ein finn til dømes i Bose sitt headsett.
- Denne applikasjonen er ferdig, og sjølv om det høyrest rart ut er nok ikkje majoriteten av dagens telefonar raske nok til at dette blir perfekt heilt enda. Denne blir difor lansert på eit seinare stadium, fortel Kile.
I same stund lanserte dei vekkjarklokkeappen som har fått mykje omtale. Denne vekkjarklokka kan nemleg sende tekstmelding til sjefen eller andre om du forsøv deg.

Rekkverket som lagar straum
- Applikasjonane vi har laga til no har vore meir eit nysgjerrigheitsprosjekt for å lære programmeringsspråka og marknaden dei kan nå. Det prosjektet vi lanserer no har vi jobba meir langsiktig med, og vi har stor tru på det vi gjer, seier Kile og legg til at den nye oppfinninga er eit vedlikehaldsfritt, veritasgodkjent rekkverk som lagar straum.
- Vi har lagt ned mykje tid og energi for å få designet perfekt. Vi har montert prototypen i Bergen ved produksjonslokale til SG Railing. Etter monteringa har vi vorte rosa for nytenkinga i «Glass og fasadeforeningen», fortel han.

Artikkelen held fram under fotoet

Se bildet større

Karane har jobba mykje med designet til rekkverket. (Foto: Privat)

Mykje ver og vind
- Vi har mykje ver og vind her i Norden og det er ikkje alle som vil gå inn i takkonstruksjonen på bustaden eller hytta si. Poenget med rekkverket er å utnytte den lave sola vi har i Norden, og samtidig levere høgeffektive vedlikehaldsfrie designrekkverk som produserer bra med effekt, heile 230W per glasflate. Kvifor rekkverk? Solplassen din er vel solvendt? Og ja, dette monterer du på «snap in» modular heilt sjølv, fortel ein ivrig Kile. – No har vi skrive kontrakt med ein norsk rekkverksprodusent, SG Railing AS, som tek over stafettpinnen og står for marknadsføring, sal og produksjon. Rekkverket er venta å kome ut i marknaden våren 2017 og allereie no har vi fått fleire førespurnadar om personar som ynskjer og vere pilotkundar. Vi er sjølvsagt spent på om vi treff marknaden med det nye produktet.

- Men kvifor kom de på eit rekkverk som produserer straum?
- Vi har vel alle snakka og høyrt om «det grønne skiftet» utan at vi heilt tenkjer over kva det betyr. Ein ser endringar som elektrifiserte bilar, strengare krav til isolasjon i bustadar, smartare hus, og no smarte straummålarar som skal få oss forbrukarar til å redusere straumbruken. Regjeringa set ganske harde mål om energi som skal sparast, og du får økonomisk støtte for å montere solcellepanel. Som for eksempel vårt rekkverk kan ein få økonomisk stønad frå Enova på inntil kroner 28.000,-, fortel Per Kristian. – Ideen kom først etter at vi såg på mitt eige tak og snøen som låg der i vinter. I tillegg såg vi at sola totalt sett i ein årssyklus var såpass mykje lågare enn ut i Europa at det kanskje var smart å få dette montert i fasaden, vertikalt. Dette i lag med frykta om å få taklekkasje fekk oss til å tenke nytt.

- Men kva kan du bruke straumen til. Den som rekkverket lagar? Er det til dømes utelys?
- Panela produserer ein god del meir effekt enn kva vi klarer å bruke til utelys. Her er det meir snakk om til å lade El-bilen om du vil. Du har tre val når du setter opp rekkverket. Er det til ei hytte går det inn på ein batteripakke, slik du kan bruke den oppsparte energien utover natta. Er det på eit hus, registrerer du deg som ein plusskunde hjå straumleverandøren og så får du betalt for straumen, om du lagar meir enn du brukar. Uansett går totalforbruket i heimen din ned på årsbasis. Den siste moglegheita med hus er om du køyrer det inn på ein stor UPS (batteripakke) og brukar sjølv solenergien ut over kvelden, forklarar han og legg til at ein ikkje treng direkte sollys for at det skal produserast straum. Dagslys er nok. – Om du har eit rekkverk med ni lengdemeter, produserer du rundt 2 kW.

Siste nytt i Reportasje

Hus med historisk sus

Hus med historisk sus

Norleif Bjørneseth har sidan 2006 i julenummeret av Møre skrive om spesielle hus/bygningar i Volda. Dei siste åra har han hatt i tankane å finne fram til historiske fakta om gravplassen på Leirshaugen og kapellet der. Sidan han mangla nokre informasjonar fann han å legge skriveplanen på vent. Helge...

Sivert Heltne deltok på det første målarkurset i regi av Volda kunstlag

80 år sidan Volda kunstlag vart stifta:

Sivert Heltne deltok på det første målarkurset i regi av Volda kunstlag

Sivert Heltne gjekk på det første målarkurset som Volda kunstlag arrangerte i 1937. I denne artikkelen skal vi sjå litt på oppstarten av Volda kunstlag, som var det første kunstlaget på landsbygda i Noreg, og få vite korleis Sivert hadde det på målarkurset der Leon Aurdal var kurshaldar.

Minner frå ei svunnen tid

Minner frå ei svunnen tid

Etter mange år på landevegen, la Trond Ryslett opp langtransportkarrieren i 2003. Men interessa for lastebilar er framleis levande, og nyleg vart han ferdig med eit større restaureringsprosjekt.

 
- Får den ikkje mange dislikes har eg gjort noko feil

Regissør Lars Skaland om musikkvideoen til «Paradise-Iselin»:

- Får den ikkje mange dislikes har eg gjort noko feil

I dag vart den nye singelen til Iselin Michelsen, betre kjent som Paradise-Iselin, gitt ut. Bak filmen er det ein volding som er regissør.

- Den filippinske jula startar i september

Evelyn Lara Myklebust:

- Den filippinske jula startar i september

Allereie i september blir butikkane og gatene på Filippinane pynta til jul. Dei siste ni dagane før julaftan er det messe i dei katolske kyrkjene kvar morgon klokka fire.

Livet er ingen draum

Ragnhild Halsen debuterer med poesiboka:

Livet er ingen draum

- Eg håper dikta mine vil vere med å opne opp noko i folk, sleppe inn litt frisk luft i dei romma som ikkje er i dagleg bruk, seier Ragnhild Halsen som i desse dagar gir ut diktboka «Livet er ingen draum».

 
- Vêr er ikkje berre vêr, det er så mykje meir

Kristina Kvistad Hustad blir TV 2 si nye vêrdame:

- Vêr er ikkje berre vêr, det er så mykje meir

Snart skal Desta Marie Beeder ha si siste vêrmelding-sending. Dette betyr starten for Kristina Kvistad Hustad frå Sæbø, som tek over vêrdame-jobben på TV 2.

Satsar på øko-vekst

Satsar på øko-vekst

Rema vart i sommar majoritetseigar i Kolonihagen, noko som vil gi meir økologisk mat og drikke i butikkane. Det er voldingen Arnt Ove Dalebø glad for.

Einaste i Møre og Romsdal med «Meget godt bestått»

Kjetil Helmut Masuhr

Einaste i Møre og Romsdal med «Meget godt bestått»

Kjetil Helmut Masuhr har den siste tida gjennomført ei fagprøve i anleggsgartnarfaget. Etter mykje hard jobbing kom dommen.

 
I toppen under NM i blomsterdekorering

Oline Johanne Jensine Gjersdal

I toppen under NM i blomsterdekorering

Oline Johanne Jensine Gjersdal frå Tilseth Blomster kvalifiserte seg til NM ved å ta 1.-plass i distriktsmeisterskapen i Møre og Romsdal, der ho vart kåra til beste læring i fylket.

- Du må gjere gull av gråstein

Nyheits- og sportsredaktør i TV2 om å jobbe i ei lokalavis:

- Du må gjere gull av gråstein

I dag er han nyheits- og sportsredaktør i nyheitskanalen TV 2. Han har vunne skup-diplom for sin journalistikk og måtte bu på hemmeleg adresse. Men før alt dette var han ein fotballglad gut som vaks opp på Vallabøen i Ørsta.

Nytt miljøvenleg fjøs

Karl Frode Slettedal satsar på:

Nytt miljøvenleg fjøs

I februar sto Karl Frode Slettedal sitt 1600 kvadratmeter store fjøs ferdig i Rognestøylsdalen. Her har han plass til 150 dyr. Desse får vere i moderne omgivnader og med det siste innan robotar og luftesystem.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!