Annonse

Siger for Zucca og Rangers

(NPK-NTB): Mats Zuccarello & co. tok ein ny siger på heimebane mot Arizona Coyotes søndag. Dan Girardi sikra 3-2-siger med eit mål i siste periode.

Norske Zuccarello kom ikkje på scoringslista i denne kampen og var heller ikkje involvert i nokre av dei tre Rangers-måla.

Dei to første periodane var jamne, og laga scora ein gong kvar i begge periodane. Coyotes tok leiinga ved Radim Vrbata etter berre 33 sekund, medan Josh Jooris utlikna for Rangers.

I andre periode gav J.T. Miller heimelaget leiinga, men Vrbata gjorde sitt andre mål, og stillinga var 2– 2 før siste periode.

Der scora Dan Girardi tidleg, og Rangers heldt stillinga til kampslutt.

Mats Zuccarello spelte vel 18 minutt av kampen og hadde ingen skot på mål. (©NPK)