Sjømatnæringa ser fram til å samarbeida med Nesvik

Fiskarlaget, Sjømatbedriftene og Fiskebåt er positive til at Harald Tom Nesvik blir ny fiskeriminister. Samtidig takkar dei forgjengaren for samarbeidet.

- La meg aller først få lov til å takka Per Sandberg for godt samarbeid. Han har vore ein tydeleg og synleg statsråd som har evna å setja sjømatpolitikken på dagsorden, seier administrerande direktør Robert Eriksson i Sjømatbedriftene i ei pressemelding kort tid etter at Sandberg trekte seg som fiskeriminister måndag.

Også Fiskebåt rosar den avgåtte fiskeriministeren.

- Sandberg har vore ein engasjert, uredd og kunnskapsrik fiskeriminister. Men slik saka rundt Iran-turen utvikla seg, var det ikkje lenger mogleg for Sandberg å halda fram som statsråd, seier styreleiar Jonny Berfjord.

Til liks med Eriksson ser han fram til å samarbeida med Sandbergs etterfølgjar og partifelle i Frp, Tom Harald Nesvik. Det er ein mann fiskeri- og sjømatnæringa kjenner godt frå tidlegare.

- I tillegg til at han har solid politisk erfaring frå Stortinget, har Nesvik vore flittig til å vera med i møte med fiskerinæringa. Han har derfor alle føresetnader til å bli ein god fiskeriminister for heile landet, seier Berfjord.

Fiskarlaget takkar også Sandberg innsatsen, og legg til at dei ser fram til å samarbeida med Nesvik.

- Nesvik har over lang tid hatt god kontakt med næringa. Mange av oss har lagt merke til at han i ei årrekkje har deltake aktivt i ulike fora i næringa og synleggjort at han ser verdien av nær og god kontakt med organisasjonane og den norske sjømatnæringa, seier leier Kjell Ingebrigtsen.

(©NPK)

Avtroppande fiskeriminister Per Sandberg overleverte nøkkelen til påtroppande statsråd Harald Tom Nesvik. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK