Annonse

Skade sender Federer ut av OL

(NPK-NTB-AFP): Tennisspelaren Roger Federer har pådratt seg ein skade og kjem ikkje til å kunne spele OL-turneringa i Rio de Janeiro.

Det er det franske nyheitsbyrået AFP som melder dette.

Sveitsaren er ranka som nummer tre i verda på den siste rankinga som blei offentleggjort måndag. Det er berre Novak Djokovic frå Serbia og briten Andy Murray som er framfor han på lista.

– Eg er ekstremt skuffa over å måtte kunngjere at eg ikkje er i stand til å representere Sveits i OL. Det er sjølvsagt òg skuffande at eg må innstille resten av sesongen, skriv 34-åringen på Facebook.

Det er ikkje berre OL-spelet som går i vasken for spelaren. Han melder òg at han kjem til å avslutte sesongen for å bli 100 prosent frisk. Problema skal ha oppstått etter ein kneoperasjon han var gjennom tidlegare i år. (©NPK)