SpaceX-rakett med norske verktøy skoten opp

SpaceX sende måndag kveld opp sin tiande vellykka rakett i verdsrommet, CRS-14. Med seg har den eit norskbygd måleapparat for gammastråler. 

Raketten vart skoten opp 22.30 norsk tid frå Kennedy Space Center i Florida, og skal frakte utstyr til Den internasjonale romstasjonen (ISS).

Det dreier seg om alt frå mat til prøveprosjekt og verktøy, inkludert eit målesystem som kan måle gammaglimt frå torevêr, utvikla ved Universitetet i Bergen.

Ifølgje NRK er målaren på størrelse med ei vaskemaskin og har tatt rundt ti år å utvikle og byggje.

- Vi sende den frå oss for snart eitt år sidan, for vidare integrering, pakking og testing. Den store, spennande augneblinken blir når vi skal sjå om alt har overlevd oppskytinga, og det verkar sånn som det gjorde før vi sende det frå oss, seier Nikolai Østgaard, professor ved Universitet i Bergen og leiar for Birkelandsenteret for romforsking (BCSS), til kanalen.

(©NPK)

SpaceX-raketten vart skoten opp måndag kveld norsk tid. Foto: John Raoux / AP / NTB scanpix