Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

fredag 24. februar 2017

Jubileumsstemne med god skyting

Jubileumsstemne med god skyting

Ein gjeng med lovande skyttarar frå Volda. Framme: Natalie, Ida Marie, Sigurd. Bak: Robin, Joakim,Fredrik, Matias.

I helga arrangerte Volda skyttarlag jubileumsstemne i miniatyr, i samband med at laget fyller 150 år. Det var rekorddeltaking med 90 skyttarar frå heile distriktet. Jo Voldset Salthammer frå Vestnes skyttarlag viste god form og drog sigeren i land med gode 246 poeng. Arve Halsteinslid frå Haugen skyttarlag var like bak med 244 poeng.

Skrevet av:

Volda skyttarlag vart først stifta i 1866 med Nils J. Gregersen som formann. Etter nokre år med opphald vart laget stifta på nytt i 1884 med Peder J. Koppen som formann. Laget har protokollar som viser samanhengande drift frå 1884 til i dag med unnatak av krigsåra. Kvart einaste styremøte og anna som har føregått i skyttarlaget er skrive. Dette er kulturhistorie. På bilda ser vi litt av fana til Volda skyttarlag som skal vere ei av dei eldste fanene i distriktet.

Trippelskyting

Både Ørsta og Vartdal arrangerte miniatyrstemne denne helga slik at skyttarane fekk høve til å skyte tre stemne same helga. Som det seg hør og bør vart det servert gratis jubileumskake og kaffi til alle skyttarane og andre føresette. Det var rigga opp med dataskjermar slik at folk kunne fylgje med på skytinga inne på bana. I tillegg til vanleg premiering fekk alle deltakarane utdelt jubileumsmedalje som var spesielt laga for dette stemnet.

God skyting

Det vart prestert mykje god skyting. I klasse 3 – 5 var det 10 skyttarar som hadde 240 poeng og oppover. Mats Vangen frå Stranda skaut fullt hus med 250 poeng i klasse eldre rekrutt. Veteranane viste at dei framleis kan skyte der Odd Magne Sæterøy frå Nesjestranda og Skaala skaut fullt hus i klasse V65, og tilsvarande gjorde Erling Sylte i klasse V73. Frå Volda skyttarlag var det 12 skyttarar med på stemnet. Av rekruttane skaut Matias Lerberg eit godt stemne med 240 poeng. Fredrik Osdal viste og god skyting med 245 i klasse 1.

Jubileumsstemne Volda 150 år

Hovedskyting


Klasse 3-5: 1. Jo Voldset Salthammer, Vestnes 246, 2. Arve Halsteinslid, Haugen 244, 3. Edvard Sve, Stranda 243, 4. Asbjørn Myklebust, Hovdebygda og Ørsta 243, 5. Reidun Kristin Knapstad, Florø 242, 6. Trine Ramsvik Stette, Engesetdal/Skodje 242, 7. Christian Holstad Lilleng, Hildre og Brattvåg 241, 8. Anita Lystad, Hovdebygda og Ørsta 241, 8. Monica Sæterøy, Langevåg 241, 10. Sivert Sve, Stranda 240, 11. Malin Sæterøy, Nesjestranda og Skaala 239, 11. Jan Vidar Ulvestad, Hovdebygda og Ørsta 239, 13. Ivar Fivelstad, Sunnylven 239, 14. Hanne Vangen, Stranda 237, 15. Ola Vangen, Stranda 237, 16. Tom Olav Moldskred, Aalesund 237, 17. Torill Lystad, Hovdebygda og Ørsta 236, 18. Per Inge Aakvik, Aalesund 234, 19. Runar Driveklepp, Volda 234, 20. Kjell Oddvar Frøysa, Sunnylven 232, 21. Bjørn Ove Muldsvor, Hornindal og Markane 232, 22. Lennart Henden, Syvde 232, 23. Stian Osdal, Volda 231, 24. Ronny Vedå, Aalesund 231, 25. Per Ulvestad, Hovdebygda og Ørsta 230, 26. Dag Andre Hauge, Sunnylven 229, 27. Frank Sve, Stranda 227, 28. Alf Roger Muldsvor, Hornindal og Markane 227, 29. Arild Fure, Stryn 226, 30. Asle Homberset, Hjartåbygda 225, 31. Ben Magne Stokland, Stadlandet 212.

Klasse 5: 1. Jo Voldset Salthammer, Vestnes 246, 2. Arve Halsteinslid, Haugen 244, 3. Reidun Kristin Knapstad, Florø 242, 4. Trine Ramsvik Stette, Engesetdal/Skodje 242, 5. Christian Holstad Lilleng, Hildre og Brattvåg 241, 6. Anita Lystad, Hovdebygda og Ørsta 241, 7. Ivar Fivelstad, Sunnylven 239, 8. Torill Lystad, Hovdebygda og Ørsta 236.

Klasse 4: 1. Edvard Sve, Stranda 243, 2. Asbjørn Myklebust, Hovdebygda og Ørsta 243, 3. Monica Sæterøy, Langevåg 241, 4. Sivert Sve, Stranda 240, 5. Malin Sæterøy, Nesjestranda og Skaala 239, 5. Jan Vidar Ulvestad, Hovdebygda og Ørsta 239, 7. Hanne Vangen, Stranda 237, 8. Ola Vangen, Stranda 237, 9. Tom Olav Moldskred, Aalesund 237, 10. Runar Driveklepp, Volda 234, 11. Kjell Oddvar Frøysa, Sunnylven 232, 12. Lennart Henden, Syvde 232, 13. Stian Osdal, Volda 231, 14. Per Ulvestad, Hovdebygda og Ørsta 230, 15. Frank Sve, Stranda 227, 16. Arild Fure, Stryn 226.

Klasse 3: 1. Per Inge Aakvik, Aalesund 234, 2. Bjørn Ove Muldsvor, Hornindal og Markane 232, 3. Ronny Vedå, Aalesund 231, 4. Dag Andre Hauge, Sunnylven 229, 5. Alf Roger Muldsvor, Hornindal og Markane 227, 6. Asle Homberset, Hjartåbygda 225, 7. Ben Magne Stokland, Stadlandet 212.

Klasse 2: 1. Beate Hjellen, Aalesund 244, 2. Stian Alexander Skog-Karlsen, Aalesund 241, 3. Ole Kristian Aasen, Haugen 238.

Klasse 1: 1. Linn Mari Nagy, Aalesund 246, 2. Camilla Hjelme, Aalesund 245, 3. Lillian Karin Bjørdal, Hildre og Brattvåg 245, 4. Fredrik Osdal, Volda 245, 5. Dag Helge Bjørkedal, Hovdebygda og Ørsta 238, 6. Jan Dagfinn Raudøy, Volda 225.

Junior: 1. Geir Magne Muldsvor, Hornindal og Markane 245, 2. Marie Alme, Nordbygda og Rand 245, 3. Marie Vangen, Stranda 244, 4. Vegard Taklo, Hundeide 244, 5. Synnøve Sognnes, Hyllestad 244, 6. Malene Lade Lie, Sykkylven 236, 7. Tor Erik Halsteinslid, Haugen 236.



Eldre rekrutt:
1. Mats Vangen, Stranda 250, 2. Bjørnar Rasmussen Aurdal, Sykkylven 247, 3. Sandra Frøholm, Utvik og Innvik 247, 4. Kristian Frøysadal Hauge, Sunnylven 245, 5. Matias Lerberg, Volda 240, 6. Odin Velle Ulvestad, Hovdebygda og Ørsta 240, 7. Natalie Osdal, Volda 237, 8. Ida Marie Wetterhus, Volda 236, 9. Robin Varpen Eikrem, Volda 235, 10. Christoffer Raudøy, Volda 233, 11. Joakim Haugen Kveli, Volda 232, 12. Sigurd Meek Aaslid, Volda 231.

Rekrutt: 1. Martine Sve, Stranda 249, 2. Ola Johan Dybvik, Langevåg 249, 3. Isak Frøysadal Hauge, Sunnylven 247, 4. Nora Sæterøy Høybakk, Langevåg 246, 5. Robin Lade Lie, Sykkylven 244, 6. Andreas Homberset, Hjartåbygda 244, 7. Ørjan Frøysadal Hauge, Sunnylven 243, 8. Odd Helge Muldsvor, Hornindal og Markane 242, 9. Ask Aarsæther, Hovdebygda og Ørsta 237.

Aspirant: 1. Signe Meek Aaslid, Volda , 1. Sivert Frøholm, Utvik og Innvik , 1. Lina Riksheim, Hovdebygda og Ørsta .

V55: 1. Trond Jøingsli, Lom og Skjåk 248, 2. Alf-Henrik Håker, Tresfjord 243, 3. Andreas Solvik, Hornindal og Markane 242, 4. Kjell-Arne Myrvoll, Syvde 239.

V65: 1. Odd Magne Sæterøy, Nesjestranda og Skaala 250, 2. Anton Jon Aarskog, Sundnes 250, 3. Knut Lillestøl, Hornindal og Markane 247, 4. Svein Hoem, Stryn 246, 5. Knut Riise, Hovdebygda og Ørsta 245, 6. Karstein Velle, Fiskå 244.

V73: 1. Erling Sylte, Fiskå 250, 2. Harald Reiten, Aalesund 248, 3. Ove Fylling, Engesetdal/Skodje 247, 4. Bård Øye, Sunnylven 245, 5. Noralf Giske, Engesetdal/Skodje 244, 6. Egil Lindset, Tresfjord 244, 7. Helge Tøndevoldshagen, Lesja 243, 8. Oddmund Fivelstad, Sunnylven 242, 9. Arnold Myrvoll, Syvde 237.

Siste nytt i Nyhende

Fleire menn enn kvinner

I Volda og Ørsta:

Fleire menn enn kvinner

  • Statistikk

Det er 65 fleire innbyggjarar i Volda kommune no enn i 2016. I Ørsta kommune er det 67 fleire.

Volda skisenter opnar i dag

Volda skisenter opnar i dag

Nysnøen har gjort det mogleg å opne Volda skisenter på Reset i dag, fredag.

Buss med sju passasjerar velta

  • Bussulukke

Politiet melder at ein buss har velta i Sande kommune.

 
Kranglete og vanskelege

Kranglete og vanskelege

Politiet måtte aksjonere mot to unge kvinner torsdag kveld.

Damelaget med 16 sigrar på rad

KFUM Volda:

Damelaget med 16 sigrar på rad

  • Volleyball

Trass i at Fræna stilte med det sterkaste laget på mange år, var det likevel Volda som kunne ta med seg sigeren heim.

Trafikkulukke i Ørsta

Trafikkulukke i Ørsta

  • Politi

Politiet melde torsdag ettermiddag om ei trafikkulukke i Ørsta.

 
Skisenteret ope i Hornindal

Skisenteret ope i Hornindal

  • Hornindal

Hornindal Skisenter meder at dei opnar skitrekket i ettermiddag.

-	Eg er aldri heilt privatperson

Ørstarådmannen om private synspunkt i Osgeilasaka

- Eg er aldri heilt privatperson

  • Osgeila

I august 2016 sende rådmannen i Ørsta to e-postar til personar i administrasjonen, som hadde jobba opp mot Osgeilasaka. Møre har stilt spørsmål om det var rett å bruke rådmannsmailen til å fremje eigeninteresse, og blande det inn i den administrative diskusjonen om Osgeila.

Trine Ramsvik Stette vinnar av miniatyrstemne

Trine Ramsvik Stette vinnar av miniatyrstemne

  • Sport

Volda skyttarlag arrangerte i helga ope stemne i miniatyrskyting. Det var stor deltaking, heile 81 skyttarar fann vegen til skytebana i aulakjellaren på Volda ungdomsskule. Trine Ramsvik Stette frå Engesetdal/Skodje viste god form og drog sigeren i land med 245 poeng.

 
Voldingar gjekk fem mil i Tsjekkia

Voldingar gjekk fem mil i Tsjekkia

  • Skisport

Tretten skiglade voldingar reiste førre fredag til Liberec i Tsjekkia for å gå det fem mil lange skiløpet Jizerská.

Åtvarar mot falske e-postar

Tussa:

Åtvarar mot falske e-postar

  • Svindelforsøk

Tussa har sendt ut åtvaring til alle sine kundar om at det er sendt ut ei stor mengde med falske faktura på e-post.

Volding kan bli Årets Urørt

Volding kan bli Årets Urørt

  • Musikk

Jonas Krøvel (23) frå Volda og bandet Pom poko er ein av fire nominerte band og artistar som kan bli Årets Urørt.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!