Annonse

Statoil og Petrobras styrkjer samarbeidet i Brasil

(NPK-NTB): Statoil og Petrobras har inngått ein intensjonsavtale for å styrkje samarbeidet i Brasil.

Formålet med avtalen er å vurdere samarbeid om deltaking i framtidige bodrundar for leiteområde, og auke oppstraumssamarbeidet på offshorefelt i produksjon i Santos- og Campos-bassenga, opplyser Statoil.

Avtalen, som blei underteikna under oljemessa i Stavanger, inneber òg eit mogleg rammeverk for samarbeid i gassverdikjeden.

– Vi går inn i eit strategisk samarbeid som vil gagne begge selskapa. Statoil har til dømes svært høg utvinningsrate på sine produserande oljefelt, og vi vil få tilgang til denne røynsla og kompetansen gjennom ein partnar, noko som heilt klart gjev fordelar på begge sider, seier konsernsjef for Petrobras, Pedro Parente.

Avtalen varar i to år. (©NPK)