Annonse

Svak tysdag på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs fall tysdag 0,15 prosent til 895,81 poeng.

Omsetninga enda på 4,08 milliardar kroner fordelt på 113.100 handlar.

Equinor toppar omsetnadslista, men fall 0,8 prosent til 214,90 kroner og blei med det ein av taparane tysdag. Norsk Hydro på andreplass avslutta med same kurs som måndag. Aker BP tapte mest med fallet sitt på 1 prosent.

Vinnaren blant dei mest omsette selskapa er Norwegian som løftar seg 5,8 prosent. Storebrand hadde også ein god dag med ein vekst på 2,4 prosent. Taparen er Kongsberg Gruppen som fell 7,6 prosent og enda på 151,40 kroner.

Det var små bevegelsar på dei europeiske børsane. DAX 30 i Frankfurt stod stille. I Paris gjekk CAC 40 ned opp 0,1 prosent, mens i London gjekk FTSE 100 ned 0,2 prosent.

Då børsen stengde, blei eit fat nordsjøolje omsett for 72,6 dollar på spotmarknaden. Amerikansk lettolje blei selt for 67,1 dollar fatet, som er på nivå med prisane måndag.

(©NPK)

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix