Symjing: Noreg slått ut på 4 x 200 meter i VM

(NPK-NTB): Det norske laget på 4 x 200 meter fri klarte ikkje å ta seg til finalen i kortbane-VM. Med 7.05,19 vart det berre 14.-plass.

Henrik Christiansen på første etappe persa på distansen med 1.45,40, men det heldt likevel ikkje. Markus Lie følgde opp med 1.45,05 og Truls Wigdel noterte 1.46,86 på den tredje etappen, medan ankermann Erik Årsland Gidskehaug avslutta sin 200 meter med 1.47,84.

Nordmennene var 4,17 sekund unna ein plass blant dei åtte beste som hadde gitt finaleplass.

Raskast i forsøket var USA som sumde inn til 6.53,91. Australia følgde nærmast medan Danmark vart nummer tre. (©NPK)