Annonse

Taxfree-aktør vil gjenopne Rygge

Jotunfjell Partners forhandlar med eigarane av Moss Lufthavn Rygge om å starte opp igjen flytrafikk for vanlege reisande.

Jotunfjell Partners eig selskapet som tidlegare dreiv taxfreebutikken på Rygge.

- Vi kjenner flyplassen godt og ser no på moglegheita for å få flytrafikk på Rygge igjen, seier talsmann i Jotunfjell, Geir Arne Drangeid til NRK.

Drangeid seier selskapet undersøkjer ulike alternativ, men understrekar at dersom dei går for overtaking blir målet "å drive ein kommersielt interessant flyplass."

I kampen om å gjenopne Moss Lufthavn Rygge for sivil flytrafikk står også Rygge Airport. Dei manglar 7, 5 millionar for å kunne utvide, men er i gang med å samle inn pengar frå kommunane i Østfold.

Lufthamna vart opna hausten 2007, men avvikla 1. november i fjor etter at Ryanair la ned basen på flyplassen. Flypassasjeravgifta var grunnen til nedlegginga, ifølgje Ryanair.

(©NPK)