Tjuvane kan ha vore i museet i 1,5 timar

Universitetsmuseet i Bergen trur tjuvane kan ha hatt halvanna time på seg i museet og at profesjonelle står bak. Museet tar sjølvkritikk for manglande sikring.

- Dersom vi kan slå fast at alarmane som blei løyst ut laurdag er knytt til innbrotet, kan vi sei at tjuvane har hatt omtrent 1,5 time på seg inne på museet, seier museumsdirektør Henrik von Achen i ei pressemelding.

Han er sikker på at det ikkje er eit tilfeldig innbrot, kor ein eller fleire har tatt seg inn og tilfeldig plukka med seg gjenstandar, men overlèt til politiet å vurdere graden av profesjonalitet.

Museet har alarmar på utsida og i første til fjerde etasje, mens tjuvane kom inn i sjuande etasje, som ikkje hadde alarmar.

- Universitetsmuseet og Universitetet i Bergen tar sjølvkritikk på at sikringa ikkje var god nok. Dette innrømmer vi. Vi skulle ønske at sikringa var mykje betre, seier von Achen.

No er det innført fleire element i sikringa. Det er sett inn lyssensorar, alarmar i femte og sjette etasje og fleire rom har fått installert alarm.

Heile veka har fagfolk frå Universitetsmuseet i Bergen jobba for å dokumentere kva for gjenstandar som blei stolne frå Historisk museum i helga. Talet på stolne gjenstandar er no oppjustert til 400, melder NRK.

- I norsk museumshistorie er det ikkje noko tjuveri som har vore verre eller meir omfattande enn dette, seier von Achen til NRK.

(©NPK)

Minst 400 gjenstandar, deriblant desse skålforma spennene, blei i helgen stolne frå Dei kulturhistoriske samlingar ved Universitetsmuseet i Bergen. Foto: Universitetsmuseet i Bergen / NTB scanpix