Annonse

To menn arresterte for drap på Hellerud

To menn er arresterte i utlandet og sikta for drap eller medverknad til drap på ein 54 år gammal mann på Hellerud i Oslo 15. juni i år.

- Vi har arrestert to menn i utlandet og sikta dei for drap eller medverknad til drap, seier politiinspektør Grete Lien Metlid.

Metlid opplyser at dei to mennene ikkje er norske og blei arrestert i to ulike europeiske land.

54-åringen blei funnen drepen i rekkehusleilegheita sin på Hellerud i Oslo torsdag 15. juni. Det var nære familiemedlemmer som fann han. Den første blei arrestert i helga og andremann måndag, opplyser politiet.

- Dette er eit resultat av internasjonalt samarbeid med politistyresmakter i ei rad europeiske land. Dei blei arresterte av lokalt politi og er sikta for drapet i Noreg, seier Metlid.

Vidare opplyser ho at dei pårørande i saka er varsla om utviklinga og at prosessen med å få dei to sikta i saka utlevert er sett i gang.

- Vi satsar på å få dei hit, seier Metlid.

Politiet opplyser om at dei på noverande tidspunkt ikkje vil gå ut med meir informasjon av polititaktiske grunnar.

- Vi har meir informasjon som vi jobbar med. Men det er for tidleg å seie noko meir om til dømes kva som har leidd til siktinga eller motiv, seier Metlid.

Den drepne mannen var norsk statsborgar med tyrkisk bakgrunn.

(©NPK)

Leilegheita på Hellerud der ein 54 år gammal mann blei funnet drepen.
Foto: Tore Meek / NTB scanpix