Annonse

Trump sitt Russland-utspel sjokkerer

(NPK-NTB): Donald Trump sin oppfordring til Russland om å hacke seg inn på e-postkontoen til Hillary Clinton har vakt oppsikt hjå amerikanske utanrikspolitiske ekspertar, melder New York Times.

Kjernen i saka er den såkalla e-postskandalen, der Clinton blei skulda for tenesteforsømming i bruken av sin private e-postkonto. Også graderte dokument skal ho ha sendt frå ei usikra linje.

Ho har overlevert rundt 30.000 e-postar til gjennomlesing i Utanriksdepartementet, men har unndratt like mange under tilvising til at dei ikkje har noko med saka å gjere. Det er desse 30.000 Trump har hengt seg opp i.

Prosessor Paul Musgrave ved Universitetet i Massachusetts har aldri høyrt noko liknande.

– Dette er noko genuint nytt i internasjonale relasjonar. Eg manglar ord. Det å bli så sjokkert er ikkje noko ein vanlegvis opplever innan eit felt som utanrikspolitisk analyse, seier Musgrave til New York Times.

Men det er fyrste gong ein presidentkandidat openlyst ber ein framand makt om å blande seg inn i ein demokratisk prosess for å oppnå ein fordel, skriv avisa. Og ikkje nok med det, Trump synest å be Russland om å bryte amerikansk lov på vegner av han, legge den til.

– Ingen har nokon gong stått på eit podium og sagt til ein framand makt: Kom igjen! seier Jeremy Shapiro ved Brookings-instituttet for utanrikspolitiske spørsmål. (©NPK)