Annonse

Tyrkias sentralbank varslar «alle nødvendige tiltak» for å sikre stabilitet

Den tyrkiske sentralbanken rykte ut måndag med beskjed til valutamarknadane om at alt vil bli gjort for å sikre stabilitet. Men kursen rasar i Asia og Europa.

Dette inneber blant anna at tyrkiske banker vil få den nødvendige likviditet, heiter det. Det er ikkje umiddelbart klart kva dette betyr for folk flest. Før helga var det kø i bankane av folk som ville veksle tyrkiske lire til dollar eller overføre pengane sine til kontoar i utlandet.

Den økonomiske uroa rundt Tyrkia smitta over på børsane i Asia måndag. I Tokyo fall Nikkei 225-indeksen med nesten 2 prosent mens Hang Seng-indeksen i Hongkong gjekk ned 1,4 prosent. Krisa mellom USA og Tyrkia kjem på toppen av det allereie spente forholdet mellom USA og Kina, der ein full handelskrig er i emning.

Også i Europa fall verdien av tyrkiske lire. Og valutakrisa smitta over på aksjemarknaden.

På Oslo Børs fall hovudindeksen 0,7 prosent dei første minutta etter at handelen starta. Deretter stabiliserte den seg med mindre bevegelse rundt 892 poeng måndag formiddag.

Kjøpte seg ut

Det dramatiske fallet i den tyrkiske valutaen før helga førte til at stadig fleire kjøpte seg ut av lira og plasserte store summar i japanske yen og sveitserfranc. Tidleg på morgonen måndag var kursen mot dollar falle til 7,23, men den tok seg noko opp i timane etter.

Aktørane i marknaden meinte at forsikringane frå den tyrkiske sentralbanken hadde ein roande verknad, i alle fall inntil noko meir negativt skjer i forholdet mellom presidentane Donald Trump og Recep Tayyip Erdogan.

- Fallet i liren kjem av fleire faktorar. Tyrkia har lenge hatt ein svak utanrikshandel, med underskot på handelsbalansen. Landet har også svake, utilstrekkeleg utanlandsreservar. I tillegg til alt dette rår det ei utfordrande politisk atmosfære, noko som forsterkar dei allereie svake sidene ved den tyrkiske økonomien, seier Kerry Craig, marknadsstrateg hos J. P. Morgen Asset Management.

Alt fell

Før børsane opna i Hongkong hadde Nikkei-indeksen i Tokyo allereie opna med eit fall på 1,3 prosent. Då børsen stengde, hadde Nikkei falle 1,98 prosent.

Shanghai-indeksen fall 0.9 prosent mens Shenzhen-indeksen i Kina gjekk ned 1,1 prosent.

Nedgangen kjem blant anna av at den tyrkiske liren fredag fall med 20 prosent, det kraftigaste utslaget sidan 2001. Lire-raset kom like etter at USAs president Donald Trump uttalte at han vil doble tollen på tyrkisk stål og aluminium.

Tyrkias president Erdogan har sidan gått hardt ut mot USA, og søndag hevda han at det kraftige fallet kjem av eit politisk komplott mot landet.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: AP / NTB scanpix