Annonse

Tysk EU-kommissær tvilar på brexit

(NPK-NTB-AFP): Brexit kjem neppe til å bli ein realitet, trur EUs kommissær for digital økonomi, Günther Öttinger.

Öttinger er klar over at den britiske folkeavstemminga i juni var bindande, men han tvilar likevel på om brexit kjem til å bli ein realitet.

– Det er mogleg at opinionen vil snu dersom den økonomiske situasjonen etter brexit-avstemminga blir forverra. Uansett ville eg ikkje ha vedda stort på at brexit blir gjennomført, seier Öttinger til den tyske avisa Bild.

For å sette i gang utmeldingsprosessen, må artikkel 50 i Lisboa-traktaten utløysast. Deretter tar det to år før Storbritannia er utmeldt.

Statsminister Theresa May har sagt at ho ikkje vil aktivere artikkel 50 i år. Regjeringa treng tid til å utarbeide dei konkrete detaljane, har ho sagt. Samtidig har Tysklands statsminister Angela Merkel sagt at ho vil la britane bruke den tida dei treng.

Öttinger meiner at desto lengre tid det tar å aktivere artikkel 50, desto meir usikker vil Storbritannias økonomiske og politiske situasjon bli, noko som igjen vil føre til at britane kjem til å skifte meining i saka, trur han. (©NPK)