Undersøking: Talet på politiske skandalar aukar

Sidan tusenårsskiftet er talet på politiske skandalar tredobla i nordiske medium. Personorienterte sexskandalar aukar mest, ifølgje ei ny undersøking.

Det er medieprofessor Sigurd Allern med tre nordiske kollegaer som har gjennomført undersøkinga. I perioden 2010 til 2016 har forskarane registrert 101 nye skandalar i Danmark, Finland, Sverige og Noreg. I Noreg er det registrert 23 nye skandalar i dette tidsrommet, skriv Klassekampen.

- Personorienterte, mediterte skandalar, vekkjer mykje merksemd, skaper overskrifter og forårsakar mykje indignasjon, seier Allern til avisa.

Skandalekategorien som har auka relativt mest etter 2000, er knytt til «uakseptabel, personleg åtferd». Ifølgje Allern er det tema som prostitusjon, seksuelle overgrep og misbruk av narkotika og alkohol.

I tidsrommet 1980-89 var det 32 skandalar i Norden. I 1990-1999 var det 32, mens det auka til 90 dei neste ni åra. Dei seinaste seks åra, frå 2010 til 2016, er talet 101.

Undersøkinga viser at omkring halvparten av politikarane som blir skandaliserte, blir tvinga til å gå av eller får andre formelle reaksjonar.

(©NPK)