Annonse

Vêret for Vestlandet: mogleg comeback for sommaren neste veke

Lengst sør på Vestlandet blir det fint og tørt vêr sankthansaftan. Neste veke ligg det også an til sommeraktig vêr.

- Det blir ganske greitt laurdag på sankthansaftan, seier meteorolog Magni Svanevik ved Meteorologisk institutt.

Det blir finast i sør i Rogaland, her blir det ganske tørt. I Hordaland ser det også ganske bra ut, men kanskje nokre lette byer, mens det blir varsla byevêr i Sogn og Fjordane.

Søndag kjem det inn eit nytt lågtrykk mot landsdelen.

- Det gjev kraftigare regn på kysten, men igjen ser det ut som dei sørlege delane i Rogaland får lettare vêr, seier meteorologen og legg til at temperaturane truleg vil liggja på mellom 15 og 18 grader.

20 grader

Neste veke kan det blir eit lite comeback for sommaren.

- Det ser ikkje så verst ut. Lågtrykket som kjem frå vest, blir sendt nordover. Dermed ser det ganske greitt ut på Vestlandet, men dette er veldig usikkert sidan det ligg langt fram. Særleg i Rogaland kan det bli ganske behagelege temperaturar med opp mot 20 grader. Det kan liggje an til å bli ganske bra, seier Svanevik.

Det er Austlandet og Sørlandet som dreg av stad med perfekt sankthansvêr i helga, og som får ein knallstart på skuleferien neste veke.

Det er varsla fint og varmt på laurdag og søndag med 25 grader. Også heile neste veke ser lovande ut med framleis gode temperaturar og sol.

På vent

I Midt-Noreg og nordover er sommaren framleis på vent.

Trøndelag og Møre og Romsdal får regnbyer utover veka med temperaturar på under 15 grader. Heller ikkje dei nordlege fylka får særleg å sjå fram til.

- Innimellom kan det bli nokre gløtt av sol, men det er framleis ikkje noko langvarig finvêr i sikte, seier meteorologen.

(©NPK)

Det blir varsla byevêr i delar av Vestlandet sankthansaftan og helga. Neste veke kan det blir både lettare og varmare.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix