Annonse

Vêret kan gjere det vanskeleg å sjå solformørking

Laurdag skjer det fleire spektakulære hendingar på himmelen, blant dei ei delvis solformørking. Men vêret spelar ikkje heilt på lag.

Frå klokka 10.30 og til litt etter 12 er solformørkinga synleg her til lands. Den er den største i Noreg sidan 2015, opplyser astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes.

Befolkninga i Nord-Norge får i utgangspunktet oppleve den største formørkinga, der 20 til 30 prosent av sola blir dekt av månen.

Men det er også Nord-Norge som har mest skyer og regnvêr.

- Det største spørsmålet er om det klarnar opp ved Ofoten og Troms. Det er ein viss moglegheit for det, seier vakthavande meteorolog Gunnar Noer ved Meteorologisk institutt.

Også befolkninga på Svalbard kan vere heldige og få sjå sola. Det er ein sjanse for at det blir delvis skya og opphaldsvêr under formørkinga, ifølgje Noer.

Best sjanse på Austlandet

Formørkinga blir også framståande på Austlandet, om ikkje i like stor grad som i nord. Her blir det varsla opphaldsvêr, og dermed er sjansane store for å få sett fenomenet.

Sørvest i landet blir solformørkinga liten og kortvarig. Men med spesielle briller kan ein sjå at solskiva har fått eit lite «hakk». Også på Sørlandet er det meldt om opphaldsvêr.

Sannes og Ødegaard minner om at ein absolutt må bruke solformørkingsbriller eller anna sikkert utstyr dersom ein skal sjå rett på solskiva.

Meteorsverm i kveld

Når kvelden kjem, oppfordrar Sannes og Ødegaard om å igjen vende blikket mot himmelen. Då startar nemleg høgdepunktet for paret, nemleg dett dei trur blir den aller flottaste meteorsvermen i år.

Stjerneskota er i verkelegheita ein sverm av støvkorn som brenn opp i atmosfæren over 80 kilometer over jordoverflata.

- I år er det nymåne og perfekte forhold for å oppleve svermen på sitt beste, med 60 til 100 flotte stjerneskot som skyt over himmelen kvar time på natta, seier dei.

Dessverre sèt vêret avgrensingar også for meteorsvermen.

- Sør- og Austlandet får framleis det beste vêret. Det kan hende det sprekk opp på Nord-Vestlandet, men det spørs om ikkje Nord-Norge er dekka av skyer då, seier Noer.

Unntaket er Svalbard, der dei dermed har gode moglegheiter til å få med seg både solformørkinga og meteorsvermen.

Solsonde frå NASA

Men allereie klokka 09.48 er det tid for den første hendinga denne dagen. Då skyt nemleg NASA opp solsonden Parker.

Solsonden skal gjere målingar i atmosfæren til sola. På det nærmaste vil sonden vere 6,2 millionar kilometer frå soloverflata, opplyser Ødegaard og Sannes.

- Dette blir aller første gong vi besøkjer atmosfæren til ei stjerne, og sonden vil gi svar på fleire mysterium om sola, solatmosfæren og påverknaden den har på omgivnadane, inkludert jorda.

(©NPK)

Laurdag inntreffer ei solformørking, men på grunn av regn og skya vêr er det få stadar i landet ein kan få den med seg. Bildet er frå solformørkinga i 2015, sett frå Asker. Foto: Berit Roald / NTB scanpix