Annonse

Wimbledon-meister Jana Novotna er død

Tennisspelaren Jana Novotna frå Tsjekkia har tapt kampen mot kreften. Den tidlegare Wimbledon-meisteren vart 49 år gammal.

Novotna tok sin einaste Grand Slam-tittel i single då ho slo franske Nathalie Tauziat i Wimbledon-finalen i 1998. Ho nådde også finalen i Australian Open i 1991 og spelte semifinalar i US Open og Roland-Garros.

I double tok ho heile tolv Grand Slam-titlar, og ho vann alle av dei fire store turneringane. Ho var rangert som verdseinar i double på 1990-talet og nådde andreplassen på verdsrankinga i single i 1997.

Novotna døydde heime i Tsjekkia med familien sin rundt seg, ifølgje ei fråsegn frå WTA.

(©NPK)

Den tsjekkiske tennisspelaren Jana Novotna, her med Wimbledon-trofeet i 1998, er død. Foto: Dave Caulkin / AP / NTB scanpix