Annonse

Zuccarello reddar Tromsøs NM-draum

Mats Zuccarellos bidrag på 12.000 kroner er med på å redde NM-draumen for Tromsøs kvinnelag i ishockey.

Kvinnelaget til Tromsø hadde lyst til å delta i NM i helga i Stavanger 31- mars til 2. april, men dei hadde ikkje råd. Halvparten av laget er studentar, skriv Nettavisen.

Via ei sponsorside på internett hadde dei samla inn 5.000 kroner då Zuccarello kom inn med 12.000 til.

- Dette er heilt fantastisk! Det betyr mykje for oss. Det er ganske dyrt for oss å reise rundt. Vi jobbar mykje på dugnad, seier Marte Idrupsen.

Zuccarellos manager Kevin Skabo har dette å seien til Nettavisen.

- Mats har ikkje lyst til å gjere noko stort nummer av dette. Han kom over denne sida og fekk lyst til å støtte saka. Han ønskjer at ishockeysporten skal vekse i heile landet, blant både gutar og jenter. Eg er ikkje overraska. Mats har eit stort hjarte, seier Skabo.

(©NPK)