Annonse

100 dagar med ny regjering: Slik har det gått med Arbeidarparti-løfta

Arbeidarpartiet gav veljarane ein plan med 40 punkt for dei første 100 dagane i regjering. Når fristen går ut, er 7 av dei framleis ikkje innfridde.

Annonse

NTB har gått gjennom alle dei 40 punkta i 100-dagarsplanen til Arbeidarpartiet og vurdert om dei er gjennomførte eller ikkje.

I valkampen lova Arbeidarpartiet å leggje fram forslag om alle desse sakene innan det hadde gått 100 dagar i regjering, altså laurdag 22. januar.

Oversikta viser at:

7 punkt ikkje er innfridde

13 er delvis innfridde

20 er innfridde

Fornøgd

Då NTB snakka med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) om 100-dagarsplanen tidlegare i veka, sa han seg fornøgd med eiga måloppnåing – sjølv om dei ikkje er heilt i mål.

– 100-dagarsplanen var jo meint å vise veljarane at «dette går vi i gang med viss vi får regjeringsmakt». Og det har vi gjort. Sjølv om vi hadde Kongsberg-krisa den dagen vi overtok, og fekk straumkrise og pandemi, seier statsministeren til NTB.

Blant punkta som ikkje er innfridde etter 100 dagar, er det å avslutte privatiseringa av reinhaldet i Forsvaret, setje ned ein energikommisjon og ein leiarlønnskommisjon, stanse frisleppet i taxinæringa og oppheve innskrenkingane i abortlova.

Det sistnemnde punktet fekk Arbeidarpartiet ikkje med seg Senterpartiet på i regjeringsforhandlingane, men Støre påpeikar at dei fleste punkta er inne i Hurdalsplattforma, og at begge regjeringspartia har jobba saman for å få dei på plass.

Angrar ikkje

13 av dei 40 løfta i 100-dagarsplanen er berre delvis innfridde, ifølgje NTBs oversikt.

Arbeidarpartiet lova mellom anna å doble fagforeiningsfrådraget til 7.700 kroner. I statsbudsjettet for i år er halvparten av auken innført, medan regjeringa lovar å gjere meir seinare.

– Det blir ikkje dobla, det blir halvvegs auka, og resten kjem neste år. Og det trur eg fagrørsla er fornøgd med. Det skjer noko, i kontrast til dei åtte åra der alt har gått ned, seier Støre.

Han angrar absolutt ikkje på at veljarane fekk servert ein 100-dagarsplan, sjølv om regjeringa ikkje klarer full måloppnåing på alle punkta.

– Det var veldig lurt, og eg er veldig fornøgd med at vi gjorde det! Eg trur alle forstår at det å nå hundre prosent, ferdig snakka, i eit sånt stort prosjekt, det kan du ikkje forvente. Vi skal bli samde med andre parti, men vi er i gang med så å seie alt, seier Støre.

Fakta om Aps 100-dagarsplan

7 av dei 40 punkta i 100-dagarsplanen til Arbeidarpartiet er framleis ikkje oppfylte når hundre dagar er gått, ifølgje NTBs oversikt. 20 punkt er innfridde og 13 punkt er delvis innfridde.

Før valet la Arbeidarpartiet fram ein plan på 40 punkt, som partiet lova veljarane å leggje fram forslag om dei første 100 dagane i regjering – altså innan 22. januar.

NTB har laga ei oversikt over kva løfte som er innfridde:

1. Devis innfridd: Doble fagforeiningsfrådraget til 7.700 kroner

Regjeringa innfører halvparten av auken i 2022, men lovar å gjere resten seinare.

2. Innfridd: Auke pendlarfrådraget ved å setje ned eigendelen til 15.000 kroner

Eigendelen er senka til 14.000 kroner.

3. Innfridd: Redusere barnehageprisen med 2.800 kroner i året

Maksprisen på barnehage er redusert.

4. Innfridd: Innføre 5 timars gratis kjernetid i skulefritidsordninga for alle førsteklassingar

Innvilga etter budsjettforhandlingane med SV. Tolv timar gratis kjernetid for førsteklassingane blir innført til hausten, og dermed er punktet overoppfylt.

5. Innfridd: Redusere ferjeprisane på riksvegferjer og fylkesvegferjer. I løpet av perioden vil vi halvere prisen.

I budsjettet for 2022 blir det lagt opp til 30 prosent lågare ferjeprisar enn 1. januar 2021. Den førre regjeringa foreslo eit kutt på 15 prosent frå dette nivået i forslaget sitt til budsjett for 2022, men kutta blir altså endå større.

6. Innfridd: Kutte i overprisa gebyr, til dømes for ungdom som skal ta teoriprøve eller foto til førarkort, eller personar som flyttar og må registrere endringar i eigedommen sin.

Prisen på teoriprøve er kutta frå 650 til 320 kroner. Foto til førarkort er kutta frå 80 kr til 70 kr. Samtidig er prisane på praktisk prøve gått opp i fleire klassar. Men her er det jo litt eit definisjonsspørsmål kva som er «overprisa».

7. Innfridd: Gjeninnføre feriepengetillegget for permitterte og arbeidsledige.

Innvilga etter budsjettforhandlingane med SV.

8. Innfridd: Sørgje for at personar som får arbeidsavklaringspengar, får forlenging dersom dei ikkje er ferdig avklarte frå Nav eller helsevesenet.

Dette er innfridd fram til 30. juni neste år, men ikkje etter dette. Regjeringa skreiv 8. november at det må ei lovendring til for å gjere dette. Men dei har sørgt for at folk får forlenging, inntil vidare.

9. Innfridd: Forbetre ordninga med brillestøtte for barn.

Gjennomført etter budsjettavtalen med SV.

10. Innfridd: Stanse anbodsutsetjing i jernbanen.

Regjeringa har mellom anna avlyst konkurransane om trafikkpakkane 4 og 5.

11. Ikkje innfridd: Avslutte privatiseringa av reinhaldet i Forsvaret.

Regjeringa har førebels ikkje foreslått å seie opp reinhaldsavtalane. Forsvarsminister Odd Roger Enoksen sa til Stortinget tidlegare i veka at dei ikkje rekk å gjere det dei første 100 dagane. Han seier likevel at arbeidet er godt i gang.

12. Innfridd: Stoppe privatiseringsreformene til høgrepartia i helse- og omsorgssektoren.

Regjeringa har mellom anna sagt at dei vil avvikle ordninga fritt behandlingsval frå 2023.

13. Innfridd: Stoppe salet av Statskogs eigedommar.

Statskog har ikkje selt eigedom etter regjeringsskiftet.

14. Delvis innfridd: Fastsetje eit eksportmål på 50 prosent auke i eksporten utanom olje og gass til 2030, og setje ned eit partssamansett utval som skal konkretisere tiltak og verkemiddel for å nå dette målet.

Regjeringa har formulert målet om 50 prosent auke, mellom anna i samband med statsbudsjettet. Men utvalet er ikkje sett ned.

15. Innfridd: Sørgje for ein meir aktiv statleg eigarskap og starte arbeidet med ei ny eigarskapsmelding, slik at statleg kapital og eigarskap bidreg til auka eksport, utvikling av nye grøne verdikjeder og fleire arbeidsplassar.

Rekna som innfridd under tvil. Løftet er rimeleg vagt, og det er litt vanskeleg å berekne om regjeringa allereie har «sørgd for ein meir aktiv statleg eigarskap».

16. Innfridd: Setje Nav i stand til å følgje opp unge ledige mykje tettare ved å auke bruken av lønnstilskot og auke bemanninga.

Regjeringa har sett av 100 millionar + 75 millionar kroner ekstra til å styrkje Nav i 2022-budsjettet i tillegg til 1.000 fleire tiltaksplassar.

17. Delvis innfridd: Opprette eit eige program for å forenkle og gjere tilgjengeleg verkemiddelapparatet for små og mellomstore bedrifter som søkjer støtte.

Regjeringa opplyser at dei har gitt Innovasjon Noreg i oppdrag å lage ein nettbasert portal for at bedrifter skal ha ein veg inn til verkemiddelapparatet. Ordninga skal lanserast om kort tid.

18: Delvis innfridd: Leggje fram ein grøn omstillingspakke for klimavennleg omstilling av skip.

I tilleggsnummeret sitt til statsbudsjettet for neste år har regjeringa sett av 200 millionar kroner ekstra til dette formålet. Men pengane skal også gå til annan grøn industri, hydrogen, utsleppsfri landstransport og infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff gjennom Enova.

19: Delvis innfridd: Innføre moms på dei dyraste elbilane for å løyve pengar til ladestasjonar, slik at alle kommunar skal ha minst éin hurtigladestasjon.

Regjeringa har løyvd 100 millionar kroner til fleire ladestasjonar, men dei har ikkje gjort dette ved å innføre moms på dei dyraste elbilane, slik det går fram av løftet.

20. Ikkje innfridd: Setje ned ein energikommisjon for å kartleggje energibehova i framtida med mål om at Noreg framleis skal ha overskotsproduksjon av kraft.

Energikommisjonen er enno ikkje nedsett.

21: Innfridd: Auke CO2-avgifta og samtidig kutte tilsvarande i andre skattar eller avgifter. Vi vil skjerme bensin og diesel i Distrikts-Noreg for auke.

Rekna som innfridd under tvil. Regjeringa har auka CO2-avgifta og kutta i andre skattar og avgifter, men dei har ikkje differensiert mellom Distrikts-Noreg og landet elles i desse grepa.

22. Innfridd: Fjerne generell tilgang til mellombelse tilsetjingar.

Fremja for Stortinget 3. desember. Pressemelding. Proposisjon.

23. Delvis innfridd: Forby innleige som fortrengjer faste tilsetjingar.

Regjeringa har foreslått dette, men berre i byggjebransjen og berre i austlandsområdet – Oslo, Viken og Vestfold.

24. Innfridd: Sørgje for faste tilsette, fagarbeidarar og lærlingar ved å utvikle ein noregsmodell for eit seriøst arbeidsliv.

Dette arbeidet har regjeringa starta på.

25. Innfridd: Styrkje retten til heiltid i lovverket.

Forslaget vart sendt ut på høyring i januar.

26. Delvis innfridd: Stanse frisleppet i taxinæringa, og starte arbeidet med ein handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren.

Regjeringa har starta arbeidet med ein handlingsplan, men har ikkje lagt fram forslag om tiltak for å stanse frisleppet i taxinæringa.

27: Delvis innfridd: Gi kommunane høve til å tilsetje fleire lærarar, tilby fleire barnehageplassar og byggje ut eldreomsorga ved å auke budsjetta til kommunane. Vi vil foreslå totalt minst 5 milliardar kroner i realvekst i dei frie inntektene til kommunane i 2022.

Regjeringa aukar dei frie inntektene til kommunane med 4,5 milliardar kroner i 2022. Sjå også NRK-sak.

28. Ikkje innfridd: Starte arbeidet med ei bu-heime-reform for pleietrengande eldre med fleire tilsette i pleie og omsorg, storsatsing på aktivitetstilbod for eldre, satsing på velferdsteknologi og fleire tilrettelagde bustader.

Det er mogleg regjeringa har starta arbeidet med denne reforma i det stille, men dei har ikkje lagt fram noko forslag om det.

29. Innfridd: Styrkje sjukehusa og den medisinske beredskapen. Vi vil løyve pengar til sjukehusa, slik at vi kan ta igjen behandlingsetterslepet for alvorlege sjukdommar som kreft etter koronapandemien.

Regjeringa har styrkt sjukehusa ved å auke løyvingane med 700 millionar kroner, men samtidig har jo pandemien slått tilbake, og nye behandlingar er avlyste, så det er vel uvisst kor mykje etterslep som er henta inn.

30. Delvis innfridd: Korte ned listelengda til fastlegane for å løyse fastlegekrisa ved å auke basistilskotet per innbyggjar. Vi vil òg etablere nye rekrutteringsheimlar.

Regjeringa har løyvd pengar til ei tilskotsordning retta mot kommunane med dei største rekrutteringsutfordringane, og dei har òg løyvd 50 millionar kroner til ALIS. Men basistilskotet er ikkje auka. Pressemelding.

31. Delvis innfridd: Løyve pengar til lågterskel psykisk helsehjelp, slik at kommunane kan gi slik hjelp utan krav om tilvising.

«Helsedirektoratet vil i 2021 få i oppdrag å utforme og prøve ut et kunnskapsbasert, kommunalt uten krav om henvisning, for barn og unge med lettere psykiske plager og begynnende rusproblemer», heiter det i ei pressemelding frå regjeringa. Altså førebels berre for barn og unge, og ikkje for heile befolkninga.

32. Ikkje innfridd: Oppheve innskrenkingane i kvinners rett til sjølvbestemd abort dei siste åra.

Dette fekk Arbeidarpartiet ikkje gjennomslag for under forhandlingane i Hurdal.

33. Delvis innfridd: Innføre gratis tannhelsebehandling til personar i alderen 19 til 21 år, innføre halv pris for tannhelsebehandling for personar i alderen 22–25 år og sørgje for eigne støtteordningar for tannhelse til dei med dårlegast råd.

Innfører 50 prosent rabatt for 21 og 22-åringar etter budsjettforliket med SV.

34. Delvis innfridd: Gi kommunane rom til å tilsetje fleire lærarar og stanse avskiltinga av lærarar som er utdanna før 2014.

Kommunane får meir pengar, men dette er ikkje øyremerkt fleire lærarar. Regjeringa har varsla at dei vil stanse avskiltinga av lærarar, men har enno ikkje lagt fram forslag om dette.

35. Innfridd: Starte ei sterk satsing på fagutdanning, med satsing på lærarar og utstyr, krav til lærlingar i offentleg sektor og setje eit mål om garanti for læreplass til alle som treng det i løpet av perioden.

Sjå mellom anna sak i Aftenposten.

36. Innfridd: Innføre full momskompensasjon for kultur, det frivillige og idrett i budsjettet for 2022. Det frivillige og idretten skal bruke pengane sine på utstyr og aktivitet, ikkje på å betale moms.

Pressemelding.

37. Ikkje innfridd. Sikre gratis utlån av sports- og fritidsutstyr i alle delar av landet.

Regjeringa har ikkje lagt fram noko forslag om dette. Arbeidarpartiet viser til at auka økonomiske rammer til kommunane gir dei større moglegheiter til å prioritere dette.

38. Ikkje innfridd: Starte gjennomføringa av eit nytt kulturløft som kjem heile landet til gode, der kulturdelen av statsbudsjettet gradvis skal aukast til 1 prosent.

I tilleggsnummeret vart det sett av 9 millionar kroner ekstra til fremje av kultur og eksport, og i budsjettforliket 20 millionar til kroner til ulike postar. 29 millionar kroner kan neppe kallast starten på eit kulturløft når det vil krevje ekstraløyvingar på fleire hundre millionar kroner.

39. Ikkje innfridd: Setje ned ein leiarlønnskommisjon for statlege leiarlønningar og lønningar i selskap der staten er majoritetseigar. Kommisjonen skal sjå lønningar, bonusordningar og godtgjersler i samanheng, og analysere kvifor lønnsutviklinga på toppnivå har fått halde fram, trass i tidlegare vedtekne retningslinjer.

Kommisjonen er ikkje sett ned enno.

40. Innfridd: Dei som tener mindre enn 750 000 i året, skal betale mindre i skatt, medan dei som tener meir, skal betale meir. 8 av 10 vil få lågare inntektsskatt med Arbeidarpartiet. Samtidig vil vi sørgje for at dei rikaste bidreg med ein rettferdig del til fellesskapet gjennom formuesskatten.

Formuesskatten auka, og dei som tener under 750.000 får mindre i skatt. 82 prosent av skattebetalarane får lågare eller uendra skatt.

(©NPK)

Laurdag er det 100 dagar sidan regjeringa troppa opp på Slottsplassen og starta arbeidet sitt. Her er statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap). Foto: Heiko Junge / NTB / NPK