Klargjør siden...

100 kilo narkotika beslaglagt i stor narkosak

(NPK-NTB): Fleire personar i Stavanger og Oslo er sikta for grov narkotikakriminalitet. Politiet har gjort beslag av over 100 kilo narkotika under etterforskinga.

Politiet har sidan slutten av februar i år etterforska eit albansk nettverk som dei mistenkjer står bak grov narkotikakriminalitet, stadfestar Sør-Vest politidistrikt til Dagsavisen.

Politiet har gjort arrestasjonar både i Stavanger og Oslo, men ønskjer av omsyn til etterforskinga ikkje å gå ut med talet på arresterte.

I samband med etterforskinga har politiet gjort betydelege beslag.

– Totalt er det snakk om 100 kilo narkotika. Per i dag vil vi ikkje seie noko om type narkotika, men eg kan bekrefte at vi har funne forskjellige narkotiske stoff. Vi mistenkjer dei også for sal av narkotika, seier politiadvokat Karen Mork til avisa.

Fleire av dei sikta er kjende for politiet frå før av når det gjeld alvorleg narkotikakriminalitet. Ifølgje politiadvokaten har nokre av dei sikta delvis erkjent straffskyld i forhold til siktinga.

Mork ser ikkje vekk frå at det kan komme fleire arrestasjonar. (©NPK)

Annonse