13-åring skal ha blitt mobba – mora klaga på skulemiljøet

(NPK-NTB-Laila Nguyen): Den 13 år gamle jenta som blei funnen død i ei hytte i Valdres nyttårsaftan, sleit med eteforstyrringar i mange år på grunn av mobbing på barneskulen, ifølgje TV 2.

Jenta budde inntil i haust i Bærum kommune. På barneskulen blei ho mobba og utvikla alvorlege eteforstyrringar som følgje av det, melder TV 2.

13-åringen bytte skule, og fekk det betre, men då ho begynte på ungdomsskolen i haust, møtte ho igjen elevar frå sin første barneskule og blei dårlegare, ifølgje kanalen.

Same dag som dottera begynte på ungdomsskulen, klaga mora på skulemiljøet der, stadfestar utdanningsdirektør Grethe Hovde Parr hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus overfor VG.

9. november får Fylkesmannen eit nytt brev frå den no sikta mora, der ho skriv at dei vel å flytte frå Bærum, ifølgje VG. Ho grunngir det med at ho ikkje er nøgd med tiltak rundt dottera, ifølgje tilsynsmyndigheita.

Fylkesmannen rakk ikkje å konkludere i saka, men opplyser at målet er å kome til botns i den.

– Det verkar heilt sikkert kaldt og kynisk i ei slik tragisk sak. Likevel gjeld det alltid og i alle samanhengar knytt til våre 16.000 elevar. Dei skal vite at dei er omgitt av personvernomsyn, seier ho til NTB.

Jenta og mora melde flytting til Øystre Slidre kommune i Valdres i byrjinga av november. Omtrent to veker seinare melde dei flytting til Oslo kommune.

Meldinga blei ikkje poststempla før 30. desember. Først måndag fekk barnevernet i Oslo meldinga.

Fungerande bydelsdirektør Christian Bøgh opplyser at dette var første gong barnevernet høyrde om den. Han vil ikkje kommentere innhaldet i varselet, men opplyser at barnevernet i Valdres ringde Oslo kommune måndag for å informere om bekymringsmeldinga dei hadde sendt før nyttår.

– Ho var ei over gjennomsnittleg omsorgsfull mamma. Det biletet som blir teikna av mora no, er så langt frå sanninga som ein kan kome, fortel ein tidlegare nabo og venninne av mora.

Den 13 år gamle jenta døydde truleg som følgje av avmagring, ifølgje obduksjonsrapporten. Mora er sikta for grov omsorgssvikt med døden til følgje, og for å ha late vere å hjelpe dottera. Politiet meiner den påståtte omsorgssvikten har gått føre seg i lengre tid.

Mora kjem til å bli forsøkt avhøyrt måndag kveld, opplyser Innlandet politidistrikt.

Rektor Gretha Storevik ved Mølladammen skole i Bærum, ungdomsskulen der jenta var elev til september, sa søndag til Dagbladet at det i overføringssamtalen med den nye skulen i Valdres ikkje blei snakka om at jenta hadde problem.

– Ho hadde vore så kort tid, og det var viktig at dei kunne begynne med blanke ark, sa ho til avisa. (©NPK)

Annonse