Annonse

13 tiltalt etter vulkanutbrot på New Zealand

Styresmaktene på New Zealand har teke ut tiltale mot ti selskap og tre personar etter vulkanutbrotet på White Island i desember 2019.

I alt 22 menneske døydde i vulkanutbrotet på øya, som også er kjent som Whakaari.

Til saman var 47 personar, dei fleste turistar frå Australia, på vulkanøya under utbrotet 9. desember. Mange vart dekte av brennande oske og damp og fekk alvorlege brannskadar etter utbrotet. Leitinga etter overlevande varte i 15 dagar.

Det newzealandske tilsynet WorkSafe, som held oppsyn med tryggleik og helse for arbeidstakarane i landet, har granska kvifor turistar var på den aktive vulkanøya tre veker etter at farenivået for utbrot var auka.

Ifølgje kanalen TVNZ har granskinga ført til 13 tiltalar som skal behandlast i ei rettssak som startar 15. desember. Ti av tiltalane er retta mot ulike partar, som selskap og konsern, og tre mot individ.

Dersom selskap og konsern blir kjent skuldige, kan dei få bøter på opp mot 1,5 millionar newzealandske dollar, tilsvarande 9,3 millionar norske kroner, medan einskildpersonar kan få bøter på nærare 2 millionar kroner.

I ei anna etterforsking blir det undersøkt om det kan takast ut drapstiltale mot nokon av dei involverte partane.

(©NPK)