Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AFP): 130 kvinner kasta søndag kleda og poserte nakne i Cleveland i protest mot Donald Trump.
npk@npk.no
Publisert: 18.07.2016 kl 08:31
Nakenprotesten skjedde på oppmoding frå fotograf Spencer Tunick, som ønskte å blanda kunst og politikk for å framstille Trump som ueigna som president.
– Han er ein tapar, sa Tunick etter at nakenprotesten var over.
Fotoseansen har fått namnet «Everything She Says Means Everything» og inkluderer kvinner av alle fasongar, fargar og storleikar. Kvar kvinne heldt opp ein rundt spegel som blei retta mot lokala der Republikanarane måndag startar landsmøtet sitt for å formelt nominera Trump som kandidat for partiet.
Speglane reflekterer «kunnskapen og visdomen til progressive kvinner og konseptet Moder Jord på landsmøtelokalet, bybiletet og Clevelands horisont», heiter det i omtalen til Tunicks.
Tunick er kjend for å laga fotokunst med nakne menneske. Arrangementet søndag var det mest politiske initiativet hans til no, meiner han sjølv.
– Eg har to døtrer og ei kone. Eg kan ikkje fatta at språkbruken og hatretorikken mot kvinner og minoritetar som kjem frå Det republikanske partiet, seier Tunick, som forsvarer nakenprotesten med at han måtte parera «denne idiotiske tankegangen». (©NPK)