Klargjør siden...

14 polakkar utviste frå Noreg etter trugande sal av julepynt

(NPK-NTB): Tolv menn og to kvinner frå Polen er utviste frå Noreg i to år for å ha prøvd å selja julepynt på ein pågåande og trugande måte i Finnmark.

– Fleire hadde teke kontakt med politiet om påtrengjande åtferd ved sal av julepynt. Klagane har gått på trugande åtferd overfor eldre menneske, på å ha trengt seg inn på område dei ikkje hadde lovleg tilgang til ved eldre- og omsorgsbustader, på å ha vore plagsame og forstyrra offentleg orden, opplyser stasjonssjef og regionleiar Hans Møllebakken i Austfinnmark politidistrikt til avisa Fremover.

Ifølgje politiet har mange kjent seg tvinga til å kjøpa pynt av dei polske seljarane.

Seljarane blei arresterte av politiet fredag kveld og blei bøtlagt på opptil 6.000 kroner for brot på marknadsføringslova.

– Ved nærmare kontroll viste det seg at dei meir eller mindre har turnert rundt i heile Noreg dei ti siste åra. Det er grunn til å definera desse som mobile vinningskriminelle. Vi hadde eit tidspress på oss sidan vi nærma oss jula og eit ønske om julefred for alle i Finnmark, forklarer Møllebakken.

Tysdag blei dei eskorterte ut av Noreg via Neiden i Finnmark. Finsk politi og finsk grensevakt er varsla, og dei vil følgja opp saka vidare, opplyser politiet. (©NPK)

Annonse