15.000 billettar selde til Noreg mot Tyskland

(NPK-NTB): Knapt fire timar etter salsstart hadde NFF selt 15.000 av billettane til Noregs VM-kvalifiseringskamp mot Tyskland 4. september.

Det opplyser Norges Fotballforbund (NFF) på Twitter.

Kampen er Noregs første i VM-kvaliken. VM i 2018 blir spelt i Russland.

Noreg er i VM-kvalifiseringsgruppe med Tsjekkia, Nord-Irland, Aserbajdsjan og San Marino, i tillegg til Tyskland. (©NPK)