Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Det var ein 15 år gammal gut som vart skoten og drepen i nærleiken av ein skule i Stockholm-forstaden Akalla tysdag, melder SVT.
npk@npk.no
Publisert: 20.01.2016 kl 12:03
Personen som vart skadd i skyteepisoden, var den eldre broren til den drepne guten.
– Brørne er fødde i høvesvis 1995 og 2001, seier Towe Hägg, talsperson for Stockholm-politiet, til nyheitsbyrået TT.
Ingen var onsdag arrestert i samband med skytinga på open gate utanfor klasseromsvindauga til grunnskulen Akalla nordvest i byen tysdag ettermiddag. Politiet etterforskar saka som drap og drapsforsøk. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.