Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ein 15 år gammal gut blei seint måndag kveld tatt av politiet i Ålesund, mistenkt å ha framsett ein alvorleg trussel mot eit skulemiljø, opplyser politiet på Sunnmøre.
npk@npk.no
Publisert: 26.04.2016 kl 12:24
Både Kripos, PST og utanlandsk sikkerheitspoliti blei involvert for å finne 15-åringen.
– Guten sat natt til tysdag i avhøyr på Ålesund politistasjon, men blei lauslaten etter at han hadde forklart seg, opplyser politiinspektør Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt i ein pressemelding.
– Det kan tyde på at han ikkje var klar over rekkjevidda av det han skreiv, seier Farstad.
I avhøyret forsikra han at det ikkje var meininga å skade nokon.
Trusselen, som ifølgje politiet hadde eit svært alvorleg innhald, blei fanga opp av Kripos i Oslo måndag ettermiddag. Den var retta mot eit skulemiljø i Noreg, men var ikkje spesifikk på kva for ein skole.
Det aktuelle nettforumet blei kontakta, men avviste å utlevere bakgrunnsinformasjon på brukarnivå utan at det låg føre ei rettsleg rettsavgjerd.
– Til slutt var det internasjonalt politisamarbeid som gav resultat. Ein tenestemann frå ei polititeneste i utlandet kunne fortelje at trusselen hadde komme frå ei dataeining med IP-adresse tilhøyrande Ålesund kommune, seier politiinspektøren.
15-åringen hadde tilgang på maskina gjennom skulen, og med hjelp frå lokale aktørar kunne politiet i Ålesund identifisere vedkommande seint måndag kveld, opplyser politiet. (©NPK)