Klargjør siden...

Minst 16 døydde i flaum i Kentucky

Talet på omkomne i flaumen i Kentucky har stige til 16. Meir regn er meldt, og guvernøren i delstaten Andy Beshear trur at dødstalet kjem til å doblast.

– Eg trur dette kjem til å ende opp som ein av dei mest dødelege flaumane vi har hatt i Kentucky, seier Beshear.

Han var på synfaring i området fredag og sa at det er barn blant dei omkomne.

Flaumen kjem av kraftig nedbør, og ifølgje meteorologar vil det komme mellom 25 og 75 millimeter regn i tida framover.

Flaumen rammar nokre av dei fattigaste områda i USA, og heile småsamfunn i Appalachian-fjella er skylde bort av frodande vassmassar etter at elvar og bekker fløymde over i tronge dalar.

33.000 menneske er straumlause, bilvrak ligg i haugar, og søleskred har ført til at mange menneske sit innesperra.

Redningsmannskap arbeider for fullt for å nå sakna og flaumramma som søkjer tilflukt. 50 menneske er så langt redda med helikopter, og hundrevis med båt.

– Hundrevis av familiar har mista alt, og mange av desse familiane hadde ikkje mykje frå før. Derfor gjer det endå meir vondt, men vi stiller opp for dei, sa Beshear.

Flaum har også ramma delar av West Virginia og dei vestlegaste delane av Virginia, der redningsmannskap også jobbar med å hjelpe folk.

(©NPK)

Vassmassane har ført til mange dødsfall og store øydeleggingar i Kentucky. Foto: Ryan C. Hermens / AP / NTB

Båt må takast i bruk for å ta seg fram i flaumramma område i Kentucky etter kraftig nedbør i fleire dagar. Minst 15 er døde, og mange fleire er sakna. Foto: Ryan C. Hermens / Lexington Herald-Leader via AP / NTB

Bustader er delvis under vatn i Lost Creek i Kentucky etter kraftig nedbør dei siste dagane.
Foto: Ryan C. Hermens / Lexington Herald-Leader via AP / NTB

Annonse