15 drepne i bombeangrep mot poliklinikk i Pakistan

(NPK-NTB-AFP): Minst 15 personar blei drepne då ei bombe eksploderte utanfor ein vaksinasjonsklinikk i Quetta i Pakistan, opplyser politiet.

Klinikken brukast til å vaksinere barn mot polio, men dei aller fleste som blei drepne og såra, var politi og tryggingsvakter som var utanfor klinikken.

– Det er 15 døde, blant dei 12 politifolk, éin paramilitær og to sivile, opplyser ein lokal politimann til nyheitsbyrået AFP.

I tillegg er over 20 menneske såra, blant dei fleire sivile.

Ingen har så lang tatt på seg skylda for angrepet, men islamistar med tilknyting til al-Qaida har tidlegare gått til åtak på helsearbeidarar som tar del i arbeidet med å overvinne polio. (©NPK)