Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): 15 norske organisasjonar for rettshavarar vil gå saman om å forhandle med NRK om betaling for dei som arbeider i produksjonen i kanalen.
npk@npk.no
Publisert: 15.02.2016 kl 08:29
Forbunda vil ha ein felles avtale som sikrar rettane til medlemmene når produksjonen blir vist i fleire kanalar, skriv Klassekampen. I eit ope brev til NRK-leiinga ber organisasjonane om ein kollektiv avtale.
– Det blir David mot Goliat viss kvar enkelt skal forhandle med NRK aleine. Derfor må vi stå saman, seier forbundsleiar Peder Horgen i Norske Dansekunstnerer.
Dei siste åra har avtalar om viderebruk blitt viktigare, ettersom nye formidlingskanalar opnar for nye måtar å presentere innhald på. NRK ønsker ei ordning med såkalla «buyout», der kanalen betalar ein eingongssum for alle rettar til framtidige visingar på alle plattformer. Organisasjonane meiner dette ikkje tar godt nok omsyn til korleis programma kan bli brukt i framtida.
– Vår erfaring med TV-bransjen er at det blir tilbydt lite eller ingenting for rettar som skiftar hand, fortel Horgen.
Brevet, som er sendt til kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og dramasjef Ivar Køhn, er signert av desse organisasjonane: Norsk Sceneinstruktørforening, Norske Filmregissører, Norsk Filmforbund, Norske Dansekunstnarar, Norske Dramatikeres Forbund, Norsk Revyforfatterforening, Musikernes fellesorganisasjon, GramArt, Norsk Artistforbund, Norsk Oversetterforening, Norsk Tonekunstnersamfund, Den norske Forfatterforening, Norske Scenografar, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Norsk audiovisuell omsettarforeining. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.