Klargjør siden...

15 trailerar skal flytte «ordboka» til Bergen

(NPK-NTB): I alt 70 tonn med språkleg arkivmateriale samla inn sidan 1930 er snart flytta frå Oslo til Bergen. Byens universitet skal overta ansvaret for språksamlingane etter Universitetet i Oslo.

I november i fjor vedtok Kunnskapsdepartementet at Institutt for lingvistiske litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen skulle overta ansvaret for dei norske språksamlingane.

Flytteprosessen starta i mai, og alt fysisk materiale er snart i hamn. Berre tre trailerlass står att, ifølgje Bergensavisen.

– Arbeidet som skal vidareførast her hos oss skal syte for at elevar, journalistar og resten av befolkninga får riktig informasjon om korrekt skriveform. Dette er ein skatt for Bergen, seier instituttleiar Johan Myking.

Materialet omfattar språksamlingar, setelarkiv som utgjør ordbøkene på bokmål og nynorsk, ei rekkje historiske bøker, og fleire kart med over 700.000 stadnamn, som mellom anna blir brukt av Kartverket.

Arkivet skal etter kvart digitaliserast, men det vil ta lang tid. (©NPK)

Annonse