16-åring landa «umogleg» triks

(NPK-NTB): Marcus Kleveland er den tredje i verda som tar ein «quadcork» på snowboard. Trikset inneheld fire saltoar og like mange rotasjonar.

Det er Fri Flyt som melder om prestasjonen fredag.

– Det er heilt vilt å gå for det trikset. Det er som eit TV-spel, seier landslagssjef Thomas Harstad til magasinet.

16-åringen frå Dombås vart den tredje i verda som har landa trikset. Kleveland har prata om å prøve seg ei stund, men hoppa har verken vore gode eller store nok til å prøve på det så langt.

I Austerrike vart det full klaff – med både hopp og triks.

– Det tok ti forsøk før eg landa heilt greitt, men eg måtte nedi med handa. Det var det beste eg klarte. Å lære eit nytt triks er veldig morosamt, men å vere den tredje i verda som gjer det, er rått, seier Kleveland i Youtube-filmen der ein kan sjå trikset. (©NPK)

Annonse