16 utøvarar OL-klare

(NPK-NTB): Olympiatoppen presenterte måndag dei 16 første utøvarane som er klare for OL i Rio.

– Olympiatoppen har tatt ut 16 utøvarar til OL og 19 utøvarar til Paralympics i Rio. Utøvarane som er tatt ut i dette første uttaket, er dei som uomtvisteleg har klart kravet for deltaking, eller dokumentert internasjonalt nivå i samsvar med uttakskriteria, seier toppidrettssjef Tore Øvrebø.

Dei 16 utøvarane er:

Stig André Berge (bryting), Karoline Bjerkeli Grøvdal (friidrett), Håvard Haukenes (friidrett), Kjetil Borch (roing), Kristoffer Brun (roing), Nils Jakob Skulstad Hoff (roing), Are Strandli (roing), Olaf Tufte (roing), Maia Agerup (segling), Ragna Agerup (segling), Anders Pedersen (segling), Kristian Ruth (segling), Henrik Christiansen (svømming), Gunn-Rita Dahle Flesjå (terrengsykling), Tina Røe Skaar (teakwondo), Kristian Blummenfelt (triatlon).

I tillegg er handballandslaget for kvinner tatt ut som lag. Der blir spelarane tatt ut 19. juni. Same dag kjem også neste OL-uttak.

– Vi skriv framleis mai, og for mange er det enno svært tidleg i sesongen. Dei fleste sommaridrettane har hatt få konkurransar så langt, og for å dokumentere form, eller vise at ein kan prestere i samsvar med krava, må ein jo konkurrere. Olympiatoppen vil framover ha ein nær dialog med særforbunda om vidare uttak til OL og Paralympics, seier Øvrebø. (©NPK)