Klargjør siden...

17 nye skogområde blir verna

(NPK-NTB): 17 skogområde frå Aust-Agder i sør til Troms i nord blei verna fredag, opplyser Klima- og miljødepartementet.

– Stortingets mål om 10 prosent skogvern skal berre oppnåast gjennom vern av offentleg skog eller gjennom den frivillige ordninga for skogvern. Vernet vi vedtar no er eit viktig ledd i dette. Eg vil rose dei mange skogeigarane som tilbyr frivillig vern, og som bidrar til at vi kan nærme oss målet om 10 prosent skogvern. Dette er eit uttrykk for eit positivt samarbeid mellom miljøstyresmaktene og skogeigarane, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H), i ei pressemelding.

I mai blei det kjent at eit breitt fleirtal på Stortinget samla seg bak målet om å utvide skogvernet til 10 prosent av det norske skogarealet. Stortingets vedtak om vern av 10 prosent er langsiktig.

Samarbeidspartia blei einige om ei løyving på 392 millionar kroner til skogvern i budsjettforliket.

– Det frivillige skogvernet fungerer godt og er eit konstruktivt samarbeid. Saman sikrar vi eit representativt vern for framtida. Dette er umåteleg viktig. Denne lista følgjer godt opp tidlegare vern. Eg er også glad for at ein også har sett på offentleg eigd skog i denne samanhengen, seier Rigmor Andersen Eide (KrF). (©NPK)

Annonse