Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Ein brann i ei kolgruve nordaust i Kina har teke livet av 17 personar, melder det statlege nyheitsbyrået Xinhua.
npk@npk.no
Publisert: 18.12.2015 kl 07:57
13 av gruvearbeidarane døydde i brannen i Xingli-gruva i kystbyen Huludao torsdag kveld. Ti andre vart frakta til sjukehus, der fire døydde av skadane dei fekk i brannen.
Ifølgje Xinhua starta brannen truleg på grunn av sveising.
Gruveulykker er relativt vanleg i Kina, men talet på dødsulykker er på veg ned. I dei ni første månadane i år omkom 420 menneske i gruveulykker, ein nedgang på 39 prosent frå same periode i fjor.
Tilbake i 2002 omkom rundt 7.000 kinesiske gruvearbeidar i ulykker, ifølgje arbeidstilsynet i landet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.