18-årig kvinne omkom i trafikkulykke på Dombås

(NPK-NTB): Ei 18 år gammal kvinne omkom, og ein 18 år gammal mann og ein 16-årig gut blei kritisk skadde i ei trafikkulykke på E6 i Dombåsbakkene sør for Dombås sentrum tysdag kveld.

Kvinna som omkom, var førar av bilen. Ho kom frå Dovre. Den 18 år gamle mannen er også frå Dovre, medan 16-åringen er frå Lesja, opplyser politiet.

Politiet blei varsla om ulykka like over klokka 20 tysdag kveld. Eit vogntog og ein personbil hadde kollidert. Kvinna omkom på staden, medan dei to andre i personbilen blei frakta med luftambulanse til sjukehus.

– Ein blei flogen direkte frå Dombås til St. Olavs hospital i Trondheim, den andre blei først køyrt av garde og seinare flytta over i luftambulanse, opplyste operasjonsleiar Atle B. Obstfelder Gudbrandsdal politidistrikt til NTB.

Forholda på ulykkesstaden var først svært uoversiktlege. Alle nødetatar rykte ut til staden, og ulykkesgruppa hos Statens vegvesen blei varsla. Sjåføren i det norskregistrerte vogntoget var fysisk uskadd etter ulykka, men blei tatt hand om av helsepersonell. Politiet kunne ikkje seie noko om årsaka til ulykka tysdag kveld, men sa at det var eit tynt lag nysnø og nullføre på den aktuelle strekningen.

Onsdag føremiddag opplyste politiet at personbilen truleg har komme over i motgåande køyrefelt før kollisjonen. (©NPK)

Annonse