Annonse

19-åring biten av bever i Vest-Agder

(NPK-NTB): Sølvi Elise Worps (19) måtte sy 22 sting etter å ha blitt biten av ein bever under vatn. – Uvanleg, seier zoolog.

19-åringen var på symjetur på Gullested i Kvinesdal i Vest-Agder måndag sist veke då ho brått blei biten av ein bever.

– Eg kikka ned og såg eit brunt dyr med masse pels som drog meg i låret. Det beit gong på gong – truleg mellom tre og fem bit, fortel ho til avisa Agder.

Worps blei køyrd til sjukehuset i Flekkefjord etter hendinga og måtte etter kvart sy 22 sting.

Beveren er kjend for å vera sky og går vanlegvis ikkje til åtak på menneske. Zoolog Roar Solheim ved Agder Naturmuseum og botaniske hage meiner det kan vera to forklaringar.

– Anten har beveren hatt ungar eller så har kvinna kome innanfor tryggingssona til beveren, seier Solheim.

Viltnemnda i Kvinesdal har no sett ut åtvaringar langs elva og oppmoda folk til å vera merksam på bever, og koma seg fortast mogleg i land dersom dei observerer beveren. (©NPK)

Annonse