Annonse

19-åring filma valdtekt og sende det til kameratane

Ein 19 år gammal mann er dømd til tre års fengsel for å ha valdtatt ei ung kvinne samtidig som han filma det.

Valdtekta skjedde i Kristiansand og vart filma av 19-åringen, som sende Snapchat-videoen vidare til kompisar, skriv NRK.

Mannen vart dømt til fengselsstraff i fire år og tre månader då saka gjekk i Kristiansand tingrett i vinter. Etter ankerunden i lagmannsretten har straffa vorte redusert til tre års fengsel.

Straffereduksjonen heng saman med alderen hans på gjerningstidspunktet.

Den fornærma kvinna har i retten beskrive ei grov valdtekt, medan tiltalte meiner dei hadde frivillig sex.

Lagmannsretten oppfattar den fornærma si forklaring som truverdig.

- Tiltalte og fornærma har inga forhistorie saman. Det finst ingen tenkelege motiv for at fornærma skal ha interesse i å forklare seg bevisst urett og pådra tiltalte ei galen skulding, heiter det i dommen.

Politiet har ikkje klart å få tak i videoane frå Snapchat, men viser til vitneforklaringane til to av kameratane til 19-åringen. Dei har fortalt at dei fekk Snapchat-videoar frå soverommet same kveld som valdtekta skjedde.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix