21 års forvaring for Kopseng

(NPK-NTB): Dansaren Julio Kopseng er i Borgarting lagmannsrett dømt til 21 års forvaring, med 10 års minstetid for valdtekt og overgrep mot i alt 19 kvinner, melder Dagbladet.

Dommen er den strengaste straffa som nokon gong er avsagt i ei valdtektssak i Noreg, melder avisa.

Den tidlegare TV-dansaren, artisten og stripparen vart i tingretten kjent skuldig i å ha valdtatt 16 kvinner og å ha prøvd å valdta ytterlegare éi kvinne. Frå før var han dømt for ytterlegare to valdtekter. Dommen i lagmannsretten er ein samledom for dei 19 overgrepa.

Kopseng har heile tida nekta skuld i skuldingane. I retten hevda Kopsengs forsvarer, advokat Johnny Veum, at Kopseng kan ha blitt utsett for ei samansverjing frå forsmådde kvinner, at tiltalen er eit resultat av svak politietterforsking og at påtalemakta ikkje ser objektivt på saka. (©NPK)

Annonse