Klargjør siden...

216 mistenkte etter Pakistan-terror

(NPK-NTB-Reuters): Over 5.000 personar er arresterte etter bombeangrepet søndag der 72 menneske blei drepne i ein park i Lahore i Pakistan, melder styresmaktene. 216 av dei arresterte har status som mistenkte.

Arrestasjonane har skjedd dei to siste dagane etter at ein sjølvmordsbombar sprengte seg i ein folkemengde på ein leikeplass i Lahore søndag, kunngjorde provinsminister Rana Sanaullah i Punjab-provinsen tysdag ettermiddag.

Arrestasjonane har skjedd med bistand frå politi, antiterroreiningar og etterretningsagentar.

Nesten alle dei arresterte var tysdag blitt lauslatne, bortsett frå 216 som har status som mistenkte i saka.

29 av dei 72 drepne var barn, og over 300 personar blei såra i angrepet.

– Medan vår nasjon og stat blir sterkare, angrip den feige fienden forsvarslause menneske. Sikkerheitsstyrkar må få stoppa terroristane før dei angrip igjen, sa statsminister Nawaz Sharif på eit tryggingsmøte måndag.

Jamaat-ul-Ahrar, som er ei utbrytargruppe av Taliban i Pakistan, har tatt på seg ansvaret for det blodige angrepet.

– Målet var kristne. Vi vil sende eit bodskap til statsminister Nawaz Sharif om at vi har komne til Lahore, sa talsmann for gruppa Ehsanullah Ehsan.

Familiane var samla på leikeplassen i høve fyrste påskedag, men dei fleste av dei drepne var muslimar, kunngjorde politiet måndag. (©NPK)

Annonse