To menn arrestert for hakekors-hærverk på 22. juli-minnesmerke

To menn i 20-åra vart måndag ettermiddag arrestert av politiet for å ha spraya eit hakekors på minnesmerket etter 22. juli i Tønsberg, opplyser politiet.

Det var Tønsbergs Blad som først omtalte hærverket måndag morgon. Like før klokka 17 vart ein person arrestert for ugjerninga.

- Etterforskinga har avdekt kven dette er. Vedkommande er arrestert og sikta for skadeverk på minnesmerket. Sikta sit no i arresten. Det går føre seg ei vidare etterforsking for å undersøke om det er fleire som har vore involvert i dette, seier operasjonsleiar André Kråkenes i Søraust politidistrikt til NTB.

Like før klokka 18 vart ytterlegare ein mann arrestert. Begge dei sikta er i 20-åra, og begge er busette i Tønsberg.

- Det er ein relasjon mellom dei, men meir ønsker vi ikkje å seie no. Det går føre seg ei etterforsking, seier Kråkenes.

Vaska bort

Det var forbipasserande på veg til jobb som oppdaga hakekorset og melde frå til kommunen. Tønsberg kommune opplyste litt over klokka 7 måndag morgon at dei hadde fått vaska bort det meste, og at alt ville vere borte til markeringa.

Statsminister Erna Solberg (H) seier til NTB at ho meiner at hærverket er ille.

- Det er heilt forferdeleg. Det er vanskeleg å la vere å tenke at dette er nokon som har eit politisk motiv, og som på ein eller måte er freista av dette tankegodset, seier ho.

- Er det berre pøbelstrekar, er det ekstremt ufølsamt å gjere det på ein dag som i dag, som bidrar til å gjere det endå vondare for alle dei som har opplevd 22. juli, held Solberg fram.

- Noko som sviktar

Ap-leiar Jonas Gahr Støre trekte òg fram ugjerninga i talen sin på Utøya.

- Vi kan ikkje ha det sånn. Når dette får halde fram, så er det noko i samfunnet vårt som sviktar. Har vi verkeleg klart å leve opp til dei måla Jens (Stoltenberg red.anm.) sa om meir openheit og meir demokrati, spurde Støre frå talarstolen.

(©NPK)

Natt til måndag spraya nokon eit hakekors på 22. juli-minnesmerket ved Hotel Klubben i Tønsberg. To menn i 20-åra frå Tønsberg er arrestert. Foto: Benedicte Jacobsen Hamnes / Tønsbergs Blad / NTB scanpix