Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Statsbygg vil rive tilbygget til Høyblokka i regjeringskvartalet i Oslo, som i dag huser 22. juli-senteret, eit informasjonssenter som fortel historia om terrorangrepet i 2011.
npk@npk.no
Publisert: 23.08.2016 kl 09:31
I forslaget til reguleringsplan foreslår Statsbygg å rive paviljongen og erstatte det med eit nytt bygg, ifølgje Aftenposten.
Tor-Inge Kristoffersen, representanten frå regjeringskvartalet i Nasjonal støttegruppe etter 22. juli-hendingane, synest det er trist om paviljongen blir riven.
– Sjølve bygget er ein del av utstillinga. Når folk går rundt der, og ser dei øydelagde betongveggene og armeringsjern som stikk ut, så ser dei at her har det skjedd noko brutalt. Du klarer ikkje å attskape den same utstillinga eit anna stad, seier han. I utgangspunktet skulle senteret bli ståande i fem år, men med den mottakinga det har fått håper Kristoffersen at det vil bestå der det er.
Knut Jørgensen, prosjektdirektør for regjeringskvartalet i Statsbygg, seier senteret var meint å vere mellombels plassert i Høyblokka.
– Vi har ingen føringar i vårt arbeid som går ut på at det skal bli etablert eit permanent 22. juli-senter der. Så kva som er tenkt framover rundt dette, er ikkje vi dei rette til å svare på, seier Jørgensen.
Kommunal- og regionaldepartementet ønsker ikkje å kommentere saka før den har vore ute på høyring. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.