26-åring arrestert for overgrep i Köln

(NPK-NTB-DPA): Ein 26 år gammal asylsøkjar frå Algerie er arrestert, mistenkt for seksuelle overgrep i Köln nyttårsaftan. Han er den første det er reist ei slik sikting mot i ei sak som har skapt heftig debatt om tysk asylpolitikk.

Det er politimeldt 766 forhold etter nyttårsfeiringa i byen, både overfall, tjuveri og mange seksuelle overgrep av forskjellig slag. Tre valdtekter er meldt.

Ei stor gruppe menn, som mange skal ha hatt bakgrunn frå nordafrikanske land, skal ha overfalle og stole frå kvinner nær Kölns sentralstasjon.

26-åringen er også sikta for tjuveri, opplyser den tyske påtalemakta. Han vart arrestert saman med ein 22 år gammal asylsøkjar, også han frå Algerie. Denne mannen er mistenkt for tjuveri den aktuelle natta. Dei to bur på eit asylmottak i Kerpen, vest for Köln.

Arrestasjonane inneber at politiet no etterforskar 21 personar. Åtte av dei er fengsla. Dei fleste av dei er sikta for tjuveri av eigedelar, blant anna mobiltelefonar. (©NPK)