Annonse

261 kommunar har mista over 9.000 statlege arbeidsplassar

Under Solberg-regjeringa dei siste sju åra har 261 av kommunane i landet mista over 9.000 statlege arbeidsplassar.

– Frå 2013 til 2019 vart det 21.259 fleire statlege arbeidsplassar i Noreg. Likevel har fleirtalet av norske kommunar færre statlege tilsette no, enn dei hadde då Høgre overtok regjeringsmakta i 2013. Det viser regjeringa sine eigne tal, seier stortingsrepresentant Bengt Fasteraune (Sp) til Nationen torsdag.

Dei ti største kommunane i landet har til saman 12.895 fleire statlege arbeidsplassar i 2019 enn i 2013. Oslo har 4.546 fleire statlege arbeidsplassar i 2019 enn i 2013.

– Dette beskriv ein klar og eintydig trend som vi ser i store delar av landet, at dei minst sentrale kommunane får færre statlege arbeidsplassar, medan dei mest sentrale får fleire, seier stortingspolitikaren frå Nord-Gudbrandsdal.

Nyleg signaliserte distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) at regjeringa vil intensivere arbeidet for å få fleire statlege arbeidsplassar i distrikta.

– Det er viktig at vi har ei god fordeling av statlege arbeidsplassar rundt omkring i landet, sa Helleland til Nationen.

Dei siste to åra har det vorte færre kommunar i Noreg: Frå 422 i 2019 til 356 i 2020.

(©NPK)

– Dei minst sentrale kommunane får færre statlege arbeidsplassar, mens dei mest sentrale får fleire, seier Senterpartiets Bengt Fasteraune. Foto: Fredrik Hagen / NTB