Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Den 29 år gamle mannen som var utsett for ei fallulykke ved fjellet Trehørningen utanfor Tromsø, vart onsdag ettermiddag funnen omkommen.
npk@npk.no
Publisert: 17.08.2016 kl 07:16
Sist oppdatert: 17.08.2016 kl 13:47
29-åringen frå Tromsø var saman med eit turfølgje på Trehørningen på Kvaløya, vest i Tromsø kommune då ulykka skjedde tysdag kveld. Politiet fekk melding om fallulykka klokka 21.30.
Helikopter og redningsmannskap frå Tromsø alpine redningsgruppe var på staden onsdag formiddag. Mannen var då lokalisert, men det tok litt tid før han kunne hentast ut frå det bratte og ulendte terrenget. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.