Klargjør siden...
Annonse

30.000 kan svelte i hel i Sør-Sudan

(NPK-NTB-Reuters): Heile 3,9 millionar menneske kan bli offer for ei svoltkatastrofe i Sør-Sudan, og 30.000 menneske lever under så ekstreme tilhøve at dei kan svelte i hel om kort tid dersom dei ikkje får hjelp raskt.

Det viser ein analyse frå Integrated Food Security Phase Classification (IPC), som blant andre FNs mat og landbruksorganisasjon (FAO) og FNs matprogram (WFP) står bak.

Åtvaringane viser at Sør-Sudan står framfor den verste svoltkatastrofen sidan borgarkrigen braut ut i 2013.

Svoltkatastrofen har ikkje vore varsla offisielt tidlegare fordi det har vore vanskeleg å samle inn informasjon i konfliktområda, opplyser IPC.

No krev UNICEF, WFP og FAO umiddelbar og sikker tilgang til dei utsette områda i landet for å hindre at folk svelt i hel.

– Innskrenka tilgang til dei berørte områda og menneska som bur der har gjort det umogleg å stadfeste den store svoltkatastrofen, som blir ei enorm utfordring dei komande månadene, står det i rapporten.

Snart startar innhaustinga som truleg vil betre situasjonen litt, men i område som Unity State, der krigshandlingane held fram, er situasjonen no så alvorleg at mange menneske vil døy av svolt om hjelpeorganisasjonane ikkje får fritt leide til å frakte inn mat. (©NPK)