Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Politiet har fått over 30 nye tips i samband med etterforskinga av drapet på Trude Espås i 1996. Fleire personar kan bli kalla inn til nye avhøyr.
npk@npk.no
Publisert: 22.08.2016 kl 17:21
8. august var det 20 år sidan kvinna frå Orkanger blei valdteken og drepen i utkanten av turistbygda Geiranger på Sunnmøre.
Etter at politiet den siste tida har etterlyst nye tips, har det kome over 30 meldingar, opplyser påtaleansvarleg Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.
Skovly kallar ingen av tipsa «revolusjonerande», men at det blant anna har kome informasjon om namngitte personar politiet bør snakke med.
– Nokre av tipsa har vi også fått tidlegare, og dei er undersøkte. Andre ser vi at det ikkje er grunn til å forfølgje. Men vi har også fått inn enkelte tips som nok vil føre til litt innsats frå vår side, seier han.
Drapet på Trude Espås i Geiranger har aldri vore lagt vekk frå politiet si side. Digitaliseringa av heile det omfattande etterforskingsmaterialet gjer det mogleg for Kripos å kunne etterforske saka med den nye eininga for alvorlege uoppklara saker, den såkalla cold case-eininga.
Kripos vil no vurdere saka så raskt som mogleg og gi beskjed til Møre og Romsdal politidistrikt om dei kjem til å gå gjennom saka på nytt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.