Annonse

300.000 epostar frå Tyrkias regjering lekkes tysdag

(NPK-NTB): Varslarorganisasjonen WikiLeaks skriv at dei tysdag publiserer 300.000 interne epostar frå Tyrkias president Recep Tayyip Erdogans parti AKP.

Epostane er daterte fram til 7. juli 2016, om lag éi veke før kuppforsøket, skriv WikiLeaks på Twitter, med emneknaggen ErdoganEmails.

I ei rekkje meldingar skriv WikiLeaks om den planlagte publiseringa av 300.000 epostar og 500.000 dokument.

– Dokumenta vi planlegg å publisere vil både hjelpe og skade AKP. Er du klar for å lese det? skriv varslarorganisasjonen.

Erdogan lovde full utreinsking av «forrædarar» etter kuppforsøket i Tyrkia fredag kveld. Så langt er 7.000 personar arresterte, og nærmare 9.000 tenestemenn har fått sparken. (©NPK)

Annonse